Møkkamann

Du burde nok ha skifta sko, sa bonden.

Publisert Publisert
  • Rune Sævig
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Eg var på jakt etter eit godt bilete. Nær Nipedalen kjende eg ei kraftig lukt av gylling. Perfekt med ein bonde som spreier møkk, tenkte eg, og svinga opp i gardstunet.

Der sat bonden i traktoren, klar til å spreia den gulbrune væska. Eg sprang ut på jordet for å få namnet hans.

- Du burde nok ha skifta sko, sa den trivelege bonden, for eg er ferdig å gylla dette jordet. Eg såg ned på dei blå, semska skorne mine. Både dei og nedre del av buksa var brunprikka. Det lukta stramt av griseavføring.

Før eg sette meg i bilen, spylte eg sko og bukse med ein hageslange, og tok farvel med bonden.

I BT-huset gjekk eg rett frå garasjen til toalettet, der eg såpa og skura sko og bukse i varmt vatn. Ein kollega spurde kva som lukta sånn både i garasjen, heisen og 4. og 5. etasje.

- Kloakken har gått tett igjen, sa ein annan.

Rune Sævig er fotograf i BT

På toget heim til Voss let eg som ingenting. Dama i nabosetet flytta seg til andre enden av toget. Eg sovna. Då eg vakna på Stanghelle, høyrde eg to damer diskutera kva som stinka så inn i ...

Konduktøren såg i alle bosspann og sjekka toalettet.

Eg spelte med og kikka rundt etter noko som lukta, eg og.

Katten snudde då eg kom heim på trappa. Sko og bukse vart vaska to gonger med ekstra mykje vaskemiddel. Så la eg alt i salmiakk, og deretter i eddikvatn.

No luktar det ikkje så gale. Eg lurar på å bruke dei på jobb ein dag.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Sakene flest leser nå

  1. «Brann vil ikke, Sandefjord kan ikke. Slik er det nå.»

  2. Slik så bilen ut etter tunnel­brannen på E39

  3. For tre måneder siden var det krise for butikken. Nå selger hun dobbelt så mye som i fjor.

  4. Savnet gutt (4) funnet på Voss: – Han var så trøtt at han sovnet på skulderen til mannskapet

  5. – Stormen vi har advart om, kommer nå

  6. Sommeren på vei tilbake: – Kan bli 20 grader fra onsdag