Eldrebølgja: «No er det oldingane sin tur å kvitvaska banksjefane»

eldrebølgja

Publisert Publisert

Asbjørn Kristoffersen. Foto: Jan M. Lillebø

Selv rystende olding tar sin stokk, mot banken hen, mot banken hen. Kjem han ikkje tidsnok, har han ikkje med seg gyldig pass, blir alle konti og kort sperra. Han blir ståande ribba attende. Fra hver en verdens krok, fra fjord og fjære, fra fjell og dyben dal, stavrar dei seg fram. Eit tog av oldingar, hen til landets siste, opne bankfilialar. Av med briller og høyreapparat, opp med det nykjøpte passet. Får dei stempel i passet, har dei berga plassen på sjukeheimen, demensmedisinane og brødskivene med gulost eller fårepølse til frukost og lønsj. Banken eller livet.

Alle skal med når bankane bles i lur mot økonomisk kriminalitet, svarte pengar, kvitvasking, svindel og bedrag. Oldingar som ikkje har hatt gyldig pass sidan Ålesund brann, må ta seg fram som best dei kan til landets siste, opne passkontor. Dei må stilla seg i rullatorkøen, og ta risikoen på å halda seg oppreiste til dei er ferdigstempla. Den gongen dei hadde pengane og gebisset i madrassa, måtte tjuvar og kjeltringar bryta seg inn for å få tak i verdiane. No ligg madrassene i ei datasky, der annankvar bankrøvar kan hacka seg inn og tømma alle sparekonti. Passet eller pengane.

Alle må trø til for å hjelpa bankane. Etter jappetida sist på åttitalet, måtte staten overta dei mest vanstyrte bankane. Etter finanskrisa i 2008 måtte finansminister Kristin Halvorsen (SV) opna statskassa og lata banksjefane forsyna seg. Dei siste åra har dei største bankane i landet lete seg bruka som kvitvaskmaskiner ute av kontroll på Island og i Baltikum. Forbrukslån har vore pusja som dop til folk med minimal sjanse til å bli rusfri, før bankmamma Siv Jensen (Frp) sa stopp. Då hadde tretti tusen norske kundar forbrukt ein million lånte kroner i gjennomsnitt, utan sikring i realverdiar, fortel NRK.

No sprellar det i inkassomerdane. No er det oldingane sin tur å kvitvaska banksjefane.

......

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.