Fred og fryd ved morgongry

Eg har vore eit B-menneske i heile mitt liv. 60 år skulle det gå før eg oppdaga vitsen med morgonar.

Vi er blitt kompisar, hjorten og eg. Knut Langeland

Klokka er fem. Eg svingar føtene ut or senga. Eg, som før kunne snu meg rundt og sova vidare, må opp no. Det må vera alderen.

Ute er det fredeleg, sjølv fuglane teier som kjent til morgongry. Berre ei floge surrar forvirra i vestavinden. Ein diger kronhjort beitar uredd på jordet attmed vegen. vegen er det knapt bilar. Fylkesveg 564 er min, ein einaste stor sykkelveg. Oppe i Åsane tek eg snarvegen gjennom rundkøyringane. Ingen ser meg likevel. Inne ved Sandvikstorget flyt ei fager møy over vegen, kastande på lyse lokker. Kan hende er eg den første som får nyta lukta av nyvaska hår.

Ved Bryggen ligg «Sørlandet» og «Christian Radich» laina opp, og inst inne i Vågen, sjølvaste majesteten, «Statsraaden». Enno ikkje beleira av morgonfriske japanarar. Trafikklysa blinkar gult, ikkje meir enn halvvakne, dei heller. Smålungeren ligg blank, som augo på femåringen når han treng trøyst.

På jobben er eg klokka halv sju, ved skjermen sit eg kvart på sju, og klokka sju har eg jammen meg skrive ferdig denne teksten. Ikkje berre er det fint, det løner seg å vera morgonfugl!