Førebuande russemoro

Teikna er tydelege no. Det er kanskje ikkje endetida som står for tur, men det nærmar seg.

KOSETUR: Førebuande russetur til Kos er det svært, svært viktig å vera, les vi, om ein har tenkt å optimalisera russefeiringa. Foto: Paul S. Amundsen

Publisert:

Eg er vorten ein gammal, gretten gubbe.

Eg kunne finna det ganske akseptabelt, ja, jamvel sosialantropologisk pirrande den gongen dei sprang nakne rundt Smålungeren, men sidan har sympatien min for russen gått bratt nedover.

Eg, som ein gong sjølv var russ. Eg, som spysjuk styrta ei lunka halvflaske med pils etter ein fotballkamp mellom blårussen og raudrussen på ei støvete grusbane på Minde. Eg, som ragga rundt i passasjersetet på ein raud Opel og vekte lærarane midt på natta.

Kven skulle ha trudd at ein frilynt liberalar som meg nokon gong skulle kunna bli oppøst av russ som har det litt moro?

13 års skulegang, seier dei. Det skulle berre mangla om ikkje det skulle rettferdiggjera ei lita feiring. Ei veke på ei gresk øy, litt fludium, kanskje nokre «pillarar» av uvisst opphav, litt knuffing i bargata med gutar frå ein rivaliserande russebuss, eit par knekte bein, ein tur innom kasjotten, ein øyrefik eller to frå gresk politi. Skrålande festing på balkongane natta til endes. Rapportar frå nærverande pensjonistar om spolerte feriar.

Pytt, pytt, litt svinn må ein vel rekna med, og på førebuande russetur til Kos er det svært, svært viktig å vera, les vi, om ein har tenkt å optimalisera russefeiringa.

Som det vel å merka enno er ti månader til.