Pysenes triumf

RETT SKODD: Artikkelforfattaren med hjelm. Foto: Tor Høvik

Publisert:

Eg hadde ikkje for vel starta på dagens sykkeltur til jobben då eg oppdaga at noko mangla. Sola skein, skuggen var avslørande. Eg drog handa over den nybarberte skallen mest for å stadfesta fadesen. Hjelmen! Honen, pitle, hjelmen låg forsyne meg att på hattehylla heime! Eg kjende meg sårbar og angripeleg, der eg sat, men mest av alt naken.

Det var ikkje dei mogelege konsekvensane av ei ulykke eg tenkte på. Nei, mest kjende eg på kjensla av skam. Kva folk tenkte der inne i sine meir eller mindre pansra køyretøy. Om nokon ville tuta og peika på hovudet. Då ville eg så godt som det let seg gjera på eit sykkelsete, leggja meg flat og erkjenna mi synd. Og tenk om eg møtte kjende! Utan hjelm på hovudet er du til og med attkjennande.

Det er rart, men på sitt vis opplyftande, korleis stigmaet har flytta seg frå dei få pysene som før brukte hjelm, til dei pyntesjuke, men ganske få, idiotane som framleis nektar. Etter år med kampanjar og haldningsskapande arbeid. Der sat eg på sykkelsetet og såg ut som ein av dei eg slett ikkje hadde lyst til å bli sett i bås med.

Eg kom levande frå det, men ikkje umerkt. No blir det, som ein ekspedisjonssjef i departementet ville sagt det, å gå gjennom rutinane og syta for at noko liknande aldri skjer igjen.