Ormetid – eller var det ein arm ho snakka om?

Språk og uttale er ikkje alltid lett, verken som gardshjelpar eller skrivande, påpeiker BT-journalist Roar Lyngøy.

Publisert Publisert

DEN TIDA ATT: Hoggorm er kanskje det verste BT-journalist Roar Lyngøy veit om. Men levande armar i høylasset er ikkje spøk, det heller ... Foto: Paul Kleiven / NTB Scanpix

EIN AV MINE første sommarjobbar var som avløysar på ein gard i Radøy kommune. Eg fann fort ut at dette ikkje var mi greie, og at eg likte meg betre som skribent.

MEN SPRÅK er neimen ikkje heilt enkelt, det heller. Eg gløymer ikkje ho eldre dama på denne garden som kom med den sensasjonelle historia om «den gongen det låg ein levande arm i høylasset».

EG GRUNNA veldig på denne levande armen. Det kunne då ikkje stemme, dama var sikkert i ferd med å bli dement. Eg tok opp historia med mor mi, som sjølv var oppvaksen på den grøna øya og som «rudla på r’ane». Mor mi kunne fortelja at det nok ikkje var ein arm dama snakka om, men ein orm. Uttalen spelte meg eit puss.

SOM JOURNALIST har eg støtt på mange språklege utfordringar. Ein tidlegare kollega frå tida i NTB plukka opp ei sak frå Danmark der «en western-kledt Ståle Solbakken takket fansen med blomster». Overskrifta om ein Solbakken i cowboyutstyr spreidde seg sjølvsagt raskt. Men det dei danske media meinte med «western-kledt» var at Solbakken stilte i heilt vanlege dongeriklær.

TEKNISKE HJELPEMIDDEL er heller ikkje alltid til hjelp. Då NTB sitt dataprogram skulle omsetja kombinertresultata frå tysk til norsk, fekk den tidlegare storløparen Kristian Hammer eit heilt nytt namn i avisene dagen deretter: Kristian Slegge.

Publisert