«Me too»

Bilen høvde i dette tilfellet godt til mannen som køyrde han.

HONG KONG: Drosjer i Yau Ma Tei-området. Piotrus, Wikimedia Commons (arkiv)

Han hadde tunge, mørke augo, grå hud, grått hår og såg ut som om han eksisterte meir enn han levde. Sorgtung sat han i taxien sin og såg regndropane som vart knuste mot panseret. Utanfor hotellinngangen plukka han oss opp, fire normalt livsglade nordmenn på gjennomreise.

Drosjebilane i Hongkong er eit sørgjeleg syn. Ein masseprodusert, firkanta kasse av ein Toyota, så skranglete karakterlaus at 90-tals-Corollaen framstår som eit designikon. Bilen høvde i dette tilfellet godt til mannen som køyrde han.

Han sa ikkje stort i starten, men to fine jenter å kvila augo på i baksetet såg ut til å gjera dagen hans litt lysare. Han tødde opp. Nok til å villa dela med oss sine frustrasjonar rundt boligprisar, smog og grått, subtropisk vintervêr.

Det bur tett oppunder 7,5 millionar menneske i Hongkong. Byen er kjend for sine talrike skyskraparar, sitt travle forretningsliv og er mellom dei tettast befolka områda i verda, ifølgje Wikipedia. Wikipedia veit dessutan å fortelja at ingen i heile verda kan venta å leva lenger enn dei som er fødde og lever liva sine i Hongkong.

Drosjesjåføren «vår» fann inga trøyst i det, snarare tvert imot. Innan vi rakk å gjera opp for køyreturen hadde han med flat røyst fått formidla følgjande:

– All Hongkong people – unhappy!

– You too?

– Me too!