Meininga med livet

Dei seier at verdas problem byrja den dagen vi slo oss ned og vart bufaste.

Publisert: Publisert:

Foto: Roar Christiansen (arkiv)

Sjølve meininga med livet, har eg stundom tenkt at det må vera. Så intenst nyt eg kjensla av rørsle. Aldri kjenner eg meg betre enn når eg rører meg. Då er eg på eit vis i kontakt med sjølvaste urmennesket i meg. Slik kjennest det.

Å gli på ski over kvite vidder, eller i kajakk over ein spegel av vatn. Å kliva ei fjellside. Det gir ei kjensle av fridom og fagnad som er så sterk at eg tenkjer det er eit behov som må liggja ein plass i den menneskelege natur. At det er dette vi er skapt for. Å røra oss, å vera undervegs.

Dei seier at verdas problem byrja den dagen vi slo oss ned og vart bufaste. Gjorde ville dyr til husdyr, heller enn å jaga dei. Tok til å dyrka jorda, heller enn å sanka det som vaks i fjell, på vidder og savannar.

For opphavleg var vi alle nomadar. Ein gong flytta vi dit maten var. Vi kryssa hav og fjellkjeder, sund og vik og li og hei. Vi var støtt undervegs. Fordi vi måtte. Det var slik Norden vart befolka den gongen isen trakk seg tilbake og vegetasjonen gav reinsdyra noko å leva av her oppe. Etter flytta forfedrane våre med sine enkle fangstreiskapar.

No ser vi med mistanke på slike som flyttar rundt. På splint og sigøynarar. Dei siste nomadane blant oss blir uglesette i nær sagt alle kulturar. Folk på gjennomreise er vi opplærte til ikkje å lita på, endå om dei representerer noko som er så grunnleggjande i vår natur, at det framleis kan framstå som sjølve meininga med livet.

Publisert: