Kva gjorde du i ferien?

GJER INGENTING: Ein ordentleg sommarferie, handlar om å gjere minst mogleg. Hans Ivar Moss Kolseth

– Kva gjorde du i ferien?

Eg føler ein viss undring når folk spør meg om det. For er ikkje målet, eigentleg, å gjere ingenting? Det vil seie, å stresse minst mogeleg? Kva er eigentleg betre, enn rolege dagar i sola?

Reiser er litt som bøker. Nokre gongar vil vi ha dei lette og underhaldande. Andre gongar vil vi kjenne dei i hjartet. Det finst ei tid for alt. Og sommarferien er eigentleg den verst tenkjelege tida å reise på. Alle dei kule stadane du vil vitje, er teppebomba av turistar. Det kan berre bli skuffande. Reis heller til Mallorca, der veit du kva du får.

Hans Ivar Moss Kolseth Bjørn Erik Larsen

Fjorårets tur gjekk nettopp hit. Ein ven terga meg, å kalla det for ein pensjonisttur. Det tok eg som ein grov fornærming. Den eldre garde er mykje livlegare. I sterk kontrast til brunstige britiske ungdommar. På solsenga, imens eg smugleser boka mi. Der har du meg. Ein perm mellom slaga. Strender, Lays-chips og pocketbøker. Det er ferien min. Og målet er alltid det same. Å gjere ingenting.