Eg er ein dårleg passasjer

Eg beklagar hermed offentleg til alle som må dele bil med meg.

Publisert:

SOVER I FART: Eg vil beklage til alle som i framtida skal dele bil med meg, skriv Karoline Baug. Foto: Bård Bøe

Karoline Baug

Det er liksom opplese og vedtatt at når ein er passasjer i ein bil, då skal ein halde føraren med selskap.

Ein skal følgje litt meir på kva som skjer på vegen. Ein skal peike ut artige stadnamn, opne brus, finne fram lommebok og passe på ferjetider. Ein skal dele førarens indignasjon når ein eller annan tulling i ein litt finare bil gjer ein farleg manøver. Ein skal styre musikken.

Det greier ikkje eg. Eg sovnar.

Eg vaks opp langs ein riksveg. Eg gjekk ikkje til skulen, eg tok bussen. Eg tok til og med buss til barnehagen. Difor har bussar, og alt anna med motor og hjul, vorte som ei seng nummer to for meg.

Det er noko med stofftrekt skumgummi, dårleg luft og motordur som lullar meg i søvn, anten eg vil det eller ikkje. Det er ikkje min feil.

Det at eg er utstyrt med nakkepute og augemaske hjelper berre det uunngåelege på veg. Då slepp i det minste sjåføren å høyre på syting over sår nakke og hovudverk når me først kjem fram.

Der min evne til å sovne sitjande i fart tidlegare var ein bonus, må eg no innsjå at det gjer meg til ein svært dårleg turkamerat.

Eg vil difor nytte høvet til å beklage til alle som i framtida skal dele bil med meg, og anbefale dykk om å finne ein god podkast.

Publisert: