Likestilt permisjon med svakheiter

Mors første veker etter fødselen bør haldast utanfor den likestilte fødselspermisjonen.

URETTFERDIG: Vedtaket om å inkludere tida rett etter fødsel i mødrepermisjonen er urettferdig for kvinner, som ber ei stor belastning i tida rundt fødselen, meiner Bergens Tidende. Frank May, NTB Scanpix

Tredeling av fødselspermisjonen, som vart vedteken av Stortinget i går, er eit godt tiltak for å likestille foreldrerolla. Det er eit historisk framsteg for likestillinga, og born har godt av nærleik til båe foreldra.

Høgre og Frp har tidlegare gått inn for å kutte i fedrepermisjonen. Så reverserte dei endringa. No aukar den. Det er Venstres innsteg i regjering som har gjort tredelinga mogeleg.

Les også

Ny byråd og mulig ny listetopp for KrF

Men vedtaket har to viktige svakheiter, som gjer ordninga med foreldrepermisjon dårlegare enn den bør vere.

Stortingsfleirtalet meiner at dei tre vekene mødrene har krav på før fødsel ikkje skal telje med i mødrekvota. Likevel vel dei å inkludere dei seks første vekene etter fødsel i mors kvote.

«Skal ein tredele permisjonstida, bør tredelinga i alle fall starte etter at barseltida er over», skriv Kjersti Toppe (Sp). Det har ho heilt rett i. Vedtaket er urettferdig for kvinner, som ber ei stor belastning i tida rundt fødselen.

Etter den perioden ville det vore meir treffande med ei likestilt permisjonsordning.

Les også

Debatt: På tide med en bedre ordning

Les også

Debatt: Når likestilling blir viktigere enn babyens behov

Fedrar burde fått sjølvstendig rett til opptening. Dersom mor ikkje har vore nok i jobb, vil ikkje far få permisjon. Det er ei ordning som råkar 6000 menn, og som den europeiske EFTA-domstolen har sagt er diskriminerande.

Det burde vere heilt naturleg at menn stod for oppteninga av sitt eige velferdsgode. Regjeringa seier at dei ikkje ønskjer å endre oppteningsreglane, fordi dei vil oppmode kvinner å vere i arbeid. Den grunngjevinga er tynn, så lenge regjeringa er for kontantstøtte.

Ein annan grunn til at det ikkje skjer, er at det kostar mykje pengar å gi permisjon til dei som i dag fell utanfor. Denne utvidinga burde vore gitt, så lenge ein meiner det er eit gode at fedrar tar ut fødselspermisjon.