Slutt på solskinet

Noreg må redusere klimagassutsleppa i eit heilt anna tempo enn det regjeringa har lagt opp til i neste års statsbudsjett.

HØGE UTSLEPP: Sjølv om klimagassutsleppa er venta å gå noko ned dei neste åra, er endringane langt unna det som trengst, meiner Bergens Tidende.

Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

«I dag skin sola igjen over heile landet», sa finansminister Siv Jensen (Frp) då ho i går presenterte regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2019 i Stortinget. At heile landet slett ikkje har det same fine vêret som hovudstaden, er mindre viktig enn langtidsmeldinga: Ekstremvêret er i vente.

For same dag som regjeringa la fram sitt statsbudsjett, kom FNs klimapanel med sin nye rapport. Dei slår fast at vi allereie i 2030 kan bryte målet om at den globale oppvarminga skal stanse på 1,5 gradar. «Å unngå globalt klimakaos vil kreve en endring av samfunnet og verdensøkonomien i en skala aldri tidligere sett», skriv klimaforskarane i sin rapport.

Skal vi unngå ein fundamentalt annan planet å bu på, må klimagassutsleppa vere halvert innan 2030, meiner verdas leiande klimaforskarar.

Les også

Elvestuen: – FNs klimarapport viser alvoret og må være en kraftig vekker for oss alle

Regjeringas framlegg til statsbudsjett inneheld mange gode enkeltpostar. Regjeringa aukar støtta til Enova, som stør opp om klimavenlege tiltak landet rundt. Det er løyvd pengar til Ringeriksbanen og ei rekkje andre kollektivsatsingar, sjølv om vegutbyggingane aukar meir. Det skjer òg mykje bra på bistandsbudsjettet.

Men omlegginga av flypassasjeravgifta gjer det billegare med ein svipptur ut i Europa. Og det er vel og bra med sju millionar til grøn skipsfart, men summen er så låg at det er uklart kva effekt dette vil gje. Vi er ikkje kvitt palmeoljen og det blir billegare å bruke straum gjennom lågare elavgift.

Det viktige er likevel dette: Regjeringas framskriving av norske klimagassutslepp står i nasjonalbudsjettet. Her kan ein lese at regjeringa trur utsleppa vil vere 45,3 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i 2030, mot 52,4 millionar tonn i fjor. Eit grovt overslag tilseier at talet er redusert med nesten 40 prosent i 2050. Dette er langt frå nok.

Skal verda – og Vestlandet – vere ein leveleg plass i framtida, må det grøne skiftet skje i eit heilt anna tempo. Arbeidsplassar i fossile næringar må bli erstatta med jobbar som bidreg til det klimanøytrale samfunnet. Vestlandet sit på både menneska og kompetansen, men treng hjelp frå staten.

Regjeringa kunne ikkje kjenne innhaldet i den dramatiske klimarapporten då dei skreiv 2019-budsjettet. Men no veit Stortinget. Og no må dei handle.

Elles er det globalt uvêr i vente.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».