Byen stoppar opp

Forslaget om ei ny snitthøgde på bygg i Bergen bør skrotast.

FOR TREGT: Nybygginga i Bergen lid under mangel på tillit og samarbeid mellom utbyggjarar og kommune. Det må byrådet gripe fatt i, skriv BT på leiarplass. Jan M. Lillebø

I dag møtes politikarane komite for miljø og byutvikling for å ta stilling til eit forslag frå plan- og bygningsetaten i Bergen kommune. Mellom anna kjem kommunens planbyråkratar med eit forslag som utbyggjarane meiner i praksis vil redusere byggjehøgdene i byen: I dag kan bygg ikkje vere høgare enn 110 prosent av vegen eller plassen ved sidan av. No foreslår planavdelinga i tillegg at snitthøgda skal vere 90 prosent (i innstillinga frå byrådet står det at planavdelinga foreslår 90 prosent som makshøgd, men dette er feil).

Dei fleste, om ikkje alle, utbyggjarar ønskjer å byggje maks tillate høgde. Når snitthøgda skal ned til 90 prosent, vil difor mange bygg bli lågare enn før. Ei samla byggjenæring har protestert mot forslaget. Det handlar sjølvsagt om pengar – ein ekstra etasje har stor verdi.

Hovudargumentet deira er likevel at reduserte byggjehøgder ikkje går i hop med kommunens ambisjonar om fortetting. Det har dei heilt rett i. Det er ikkje noko mål å byggje høgast mogeleg over alt, men forslaget om ei ny snitthøgde er unødvendig strengt og bør skrotast.

Skrotinga bør bli eit startpunkt for eit meir konstruktivt samarbeid mellom kommune og utbyggjarar. For diskusjonen om byggjehøgdene speglar ein grunnleggjande konflikt som er sterkt hemmande for utviklinga av Bergen: Mangelen på tillit og evne til samarbeid mellom utbyggjarar og kommune.

Les også

Høyhus-innstramming skaper strid

Samarbeidet bør ikkje først og fremst funderast på god vilje og fromme ønskjer, men på ein realistisk forståing av kvar andres utgangspunkt. Utbyggjaranes hovudprioritet er og vil alltid vere å tene mest mogeleg pengar. Kommunens rolle må difor nødvendigvis bli å sørgje for borgaranes interesser.

Men det betyr sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan finne løysingar der interessene møtast. Det handlar om profesjonalitet og kreativitet frå utbyggjarane på den eine sida, og mindre detaljstyring gjennom kommunens planverk på den andre.

Utbyggjarane må få fridom til å kome med kreative forslag, samstundes som dei må vise seg tilliten verdig ved ikkje heile vegen søkje dei billigaste og mest profitable løysingane.

Den manglande tilliten er ein av hovudårsakene til at det i dag tek alt for lang tid å få gjennomført utbyggingar her i byen. Skal byrådet snu flyttestraumen ut av byen, er dette ein bra plass å byrje.