Vestlandet vil ikkje vere skredlandet

Regjeringa må satse på rassikring – raskt.

STENGT: Dei to rasa på Bolstad gjekk på det som er siste byggetrinn på nye E16. Første byggetrinn er ein flott firefelts veg, der rasfaren er minst. Fred Ivar Utsi Klementsen

Vestlandet har nok ein gong vakna opp til ras og stengde vegar. Men medan resten av landsdelen sov, var trailersjåfør Stig Bolstad i tunnelen mellom rasstadene. Han stod fast i Bolstadtunnelen i meir enn 12 timar.

Ifølgje avisa Hordaland, var det totalt 19 personar som vart innesperra i tunnelen. Det kunne altså gått så mykje verre.

To ras stengde E16. Hovudvegen frå aust til vest var nok ein gong stengt. No må landsdelen samle seg i eit krav om meir pengar til skredsikring.

Det handlar om å redde liv, men òg om å gjere det mogeleg å bu, arbeide og skape arbeidsplassar sjølv der fjellsidene er bratte.

Det handlar om å sikre Vestlandet.

Dei to rasa gjekk på det som er siste byggetrinn på nye E16. Første byggetrinn er ein flott firefelts veg, der rasfaren er minst.

No må regjeringa få fortgang på utbygginga – og starte der rasfaren er størst. Det er viktigare enn å utvide kapasiteten nærast Bergen.

Om det ikkje går, så må regjeringa uansett halde maks fart på arbeidet med ny veg og bane.

Dei to mest rasfarlege vegstrekningane deler trasé med den nye jarnbana til Voss. Men bana er òg rasutsett, og Bergensbanen treng ein tryggare og raskare trasé.

Les også

NAF ba folk melde inn landets farligste veier. E16 mellom Bergen og Voss topper listen.

Det var ikkje berre E16 som var stengt natt til torsdag. I tillegg var desse vegane stengt:

  • Fylkesveg 7 mellom Granvin og Folkedal.
  • Riksveg 13 mellom Odda og Kinsarvik.
  • Fylkesveg 49 mellom Mundheim og Norheimsund.
  • Fylkesveg 314 over Hamlagrø.

I førre veke varsla regjeringa meir pengar til skredsikring, som eit av mange punkt i bompengeavtalen.

Denne gongen må regjeringa halde det dei lovar; pengane kan ikkje kome fort nok.

Regjeringa sa òg at dei skulle bruke meir pengar på skredsikring i statsbudsjettet for 2019. Pressemeldinga med tittelen «Økt satsing på forebygging av flom- og skredskader» skjulte ein nedgang på éin million kroner frå førre budsjett.

No må regjeringa meine alvor. For når dei menneskeskapte klimaendringane fører til meir og meir ekstremvêr, blir rasutsette vegar oftare råka.

Vestlendingane har lært seg til å leve med rasfaren. Den vil heller ikkje forsvinne. Til det er geografien for utfordrande. Men når hovudfartsårene i vest vert råka, gong etter gong, så går ein lei av statsrådar som kjem for å sjå.

Landsdelen treng handling. Skal det vere liv på Vestlandet i framtida, må vegane vere mest mogeleg opne.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».