Ei meir rettferdig bilavgift

Vegprising er betre enn bompengar, men ordninga er langt frå konfliktfri.

BØR VEKK: Vegprising er betre enn bompengar, men TØIs framlegg er for omfattande, meiner Bergens Tidende. Alice Bratshaug (Arkiv)

Ein ny rapport frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) argumenterer for å fjerne bompengane og erstatte dei med ei kilometeravgift. Det er fornuftig, dersom det vert gjort rett.

Systemet er GPS-basert, der ein betaler ut frå kor langt ein har køyrd. Ordninga er likevel betre for personvernet enn dagens bompengar.

No vert alle passeringane registrert og lagra sentralt. Med vegprising treng ein detaljert informasjon om kor mykje ein har køyrd, men det einaste bilen må sende over til styresmaktene er sluttsummen.

Les også

Ny rapport foreslår å fjerne bompenger, fergebilletter og bilavgifter

Vegprising er i utgangspunktet meir rettferdig enn bompengar. Det vil ikkje lenger vere behov for fysiske bomstasjonar, som i mange tilfelle slår urettferdig ut.

TØI-rapporten legg opp til ei kilometeravgift på 20 øre utanfor byane. I byane blir det dyrare. Rushtidsavgifta kan bli 4–5 kroner pr. kilometer.

Ordninga er fleksibel. Vegprisinga kan ta omsyn til bilens utslepp, vekt, kvar og når ein køyrer.

Framlegget til TØI er så omfattande at det kan gå på kostnad av rettferda. Tidlegare har vegprising blitt omtala som ei rein erstatning for bompengar. Men i framlegget sitt, vil TØI erstatte fem–seks ulike bilavgifter.

Då forsvinn det beste med bompengane, nemleg lokal styring.

Les også

Morten Myksvoll: Riv bomstasjonane

Dagens bompengar kjem nemleg lokalsamfunna til gode. Ein føresetnad for å innføre vegprising må vere at det ikkje stoppar dagens bompengefinansierte bypakker.

Dei er nødvendige for å bygge ut kollektivtrafikk og få ned biltrafikken.

Bergen kjem neppe godt ut av ei omlegging der byane framleis skal betale høge avgifter, men der staten skal fordele inntektene.

Då er ikkje lenger vegprisinga så rettferdig.

TØI-rapporten handlar mest om å erstatte inntekter som vil forsvinne når bilparken blir mindre forureinande.

Korleis veg- og kollektivutbygging skal finansierast i framtida, er det lagt mindre vekt på.

Bompengane er synlege. Det gjer ordninga effektiv til å redusere biltrafikk, men òg veldig kontroversiell. Det er ikkje sikkert effekten er like sterk for vegprising, sidan bilistane ikkje lenger passerer bomstasjonar.

Difor er det viktig at rekningane viser kor mykje ein har køyrd i ulike takstsoner. Det bør òg vurderast ulike moderasjonsordningar, slik bompengane har i dag.

Vegprising er ein god idé, men den er full av fallgruver. Den største av dei alle, er om politikarar trur at det vil ta lufta ut av bompengeopprøret.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».