Gje bankane konkurranse

Norske bankkundar må sjølve ta grep, viss dei vil ha ei anstendig rente på innskota.

Publisert Publisert

DÅRLEG AVTALE: Bankane har auka utlånsrenta langt meir enn renta på innskot. Det bør kundane ikkje finne seg i, skriv BT på leiarplass. Foto: INTS KALNINS / X02120

  1. Leserne mener

Medan bankane har vore flinke til å setje opp renta på bustadlån det siste året, har rentene på innskot stått nesten stille. Denne såkalla rentemarginen er den feitaste for bankane på ti år, skriv Dagens Næringsliv. Renta for bustadlån ligg no rundt to prosentpoeng over innskotsrenta.

Forbrukarrådet meiner hushaldningar med pengar på sparekonto blir flådd av bankane. Dei har gjort sin eigen gjennomgang, på vegner av NRK. Den viste at i halvparten av bankane var renta på sparekontoar under ein prosent.

For vanlege lønskontoar har det blitt vanleg med rente på 0,05 eller 0,10 prosent, ifølgje Elisabeth Realfsen i Forbrukarrådet.

Med ein prisvekst på 1,6 prosent, betyr det at du taper på å ha pengar ståande på ein vanleg norsk sparekonto.

Norske bankar går for tida svært godt, og den høge rentemarginen er noko av grunnen.

Innskot utgjer rundt halvparten av framandfinansieringa i bankane. Når dei kan låne inn pengar så billig, seier det seg sjølv at fortenesta blir stor.

Men løysinga er ikkje nye reguleringar, kva enn det skulle vere. Finansminister Siv Jensen (Frp) gjer rett i å nøye seg med ei oppmoding til bankane om å redusere rentemarginen, og til kundane om å mase om betre vilkår.

For lite vil skje utan at norske bankkundar blir meir kritiske til kva rente dei får på sine innskot.

Det finst nemleg alternativ. Medan dei store, etablerte bankane stort sett har låge rente på innskot, er tilboda langt betre frå dei mindre forbrukslånsbankane. Ifølgje finansportalen.no, som blir driven av Forbrukarrådet, kan du i dag få opp til 2,3 prosent rente på innskot.

På denne nettsida får du òg informasjon om korleis innskota er sikra, i tilfelle banken skulle gå konkurs. Dei aller fleste bankane garanterer for opp til to millionar kroner, gjennom Bankenes sikringsfond. Enkelte svenske bankar garanterer for litt under halvparten.

Det er mogeleg at offentleg merksemd gjer at bankane no skjerpar seg, og aukar innlånsrentene. Men det er ikkje noko å satse på. Som bankkunde må du i staden ta grep sjølv.

Ring banken og tru med å flytte til ein annan bank viss dei ikkje gjev deg ei betre rente. Er tilbodet for dårleg, må du gjere alvor av trugsmålet.

Slik kan ein få ein marknad for innskot som faktisk fungerer.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».