Statleg eigarskap forpliktar

Toppleiarane i selskap med stort statleg eigarskap må gå i front i arbeidet mot korrupsjon.

STORT ANSVAR: Dei delstatlege selskapa forvaltar verdiar på dei norske borgarane sine vegner. Leiarane i desse selskapa må vere frontfigurar i arbeidet mot korrupsjon, skriv BT på leiarplass. Her tidlegare konsernsjef Jon Fredrik Baksaas i Telenor. Eirik Brekke

Korrupsjon er eit globalt problem som øydelegg den lovlege økonomien og riv ned tilliten til demokratiet. Norske selskap som driv forretningar i utlandet må kjempe mot korrupsjon og sørgje for ikkje å bryte norsk lov. Selskap som har høg statleg eigardel har eit særskilt ansvar for å gå i front i dette arbeidet.

Telenor fekk sist veke sterk kritikk i ein revisjonsrapport frå firmaet Deloitte. Kritikken går mellom anna ut på at bekymringar om investeringa i det internasjonale mobilselskapet VimpelCom ikkje blei rapportert til rett nivå. Tidlegare konsernsjef Jon Fredrik Baksaas får også kritikk fordi han informerte både eige styre og næringsministeren for lenge etter at han sjølv til slutt blei varsla.

Styreleiar Gunn Wærsted i Telenor erkjenner at selskapet sine system fungerte dårleg og at det er «utvist sviktande dømmekraft». Telenor-saka er alvorleg for selskapet og må ryddast opp i. Det kan ikkje vere tvil om at eit norsk selskap, som attpåtil har staten som største eigar, har absolutt nulltoleranse for korrupsjon.

  • Les også: Telenor får sterk kritikk i Vimpelcom-rapport
    I ein EU-rapport om korrupsjon frå 2014 går det fram at korrupsjon kostar EU 1000 milliardar kroner i året. Og det er berre mellom EU-landa. Det er svimlande summar som aldri blir registrert nokon stad, aldri ført som inntekt i noko offentleg register og aldri blir grunnlag for skatteinntekter. Pengar blir rana frå ein fellesskap og brukt til å gjere einskilde rikare.

Korrupsjonslovgivinga er relativt ny. Heilt fram til 1995 var det i Norge skattefrådrag for smøring av utanlandske tenestemenn, og det blei ikkje ulovleg før i 1999.

No er det heldigvis slik at alle selskap som opererer ut frå Norge må følgje norsk lov, som slår fast at korrupsjon er forbode. Det kviler eit særleg ansvar på norske selskap som har høg statleg eigardel, slik som DNB, Telenor, Statoil og Hydro. Det å ha staten som eigar kan vere ein fordel når ein skal etablere seg utanfor Norge. Norge er eit rikt land med eit godt politisk rykte. Det er ein god status å ha med seg ut av landet.

  • Les også: Rune Bjerke må gå av
    Både staten og dei andre eigarane ønskjer å få mest mogeleg avkastning for sine investeringar og då er det naturleg at selskapa ekspanderer internasjonalt. Men selskapa må vere ekstra på vakt når dei går inn i land der korrupsjon er utbreidd. Telenor gjekk inn i VimpelCom for å engasjere seg i den potensielt svært lønsame utbygginga av mobilnettet i dei tidlegare sovjetrepublikkane.

Gjennom eigarskapet blei selskapet i 2006 engasjert i korrupte Usbekistan. Telenor må ha gått inn i dette med opne auge og ha forstått den høge risikoen.

Det finst både politiske og økonomiske grunnar til at den norske staten har høg eigardel i store, norske selskap. Det sikrar at store selskap har hovudkontor her, og det sikrar oss kontroll over viktige naturressursar. Lønsame selskap sørgjer for at det er meir pengar på statsbudsjettet til velferdsordningar og andre gode føremål.

Dei delstatlege selskapa forvaltar verdiar på dei norske borgarane sine vegner. Leiarane i desse selskapa må vere frontfigurar i arbeidet mot korrupsjon.