Overdosetiltak på tomgang

Byrådet må ta ansvar for at overdoseteamet endå ikkje er fullt ut operativt.

Publisert: Publisert:

MÅ HA AVTALAR: Viss kommunen bestemmer at legevakta skal kontakte overdoseteamet når dei rykkjer ut på ei overdose, så skal legevakta gjere det. Kvar gong. Foto: Steinholt Ingar Haug

Byrådet i Bergen oppretta eit tverrfagleg overdoseteam tidlegare i år, men har ikkje fullført jobben. Det er nemleg ikkje inngått avtalar med til dømes legevakta og fengselet. Då er det vanskeleg for dei tilsette å gjere jobben sin skikkeleg.

Overdoseteamet skal følgje opp personar som har tatt overdose, eller som er særskilt utsette. Tiltaket vart offisielt opna for knapt tre månader sidan, men dei første tilsette vart tilsett for eit halvt år sidan.

Byrådet har sett av 5,5 millionar kroner til arbeidet. Desse pengane må bli brukt på best mogeleg måte. Overdoseteamet skal vere eit livreddande tiltak. I dag er dei fleste oppdraga til overdoseteamet reine køyreoppgåver. Det er ikkje ein god bruk av den kompetansen som finst i tiltaket.

Les også

På Strax-huset sitter et eget overdoseteam klart. Men de blir ikke varslet når overdoser skjer.

Det er uforståeleg at ikkje byrådet har klart å få på plass ein avtale med ein kommunal etat som legevakta, to månader etter at tiltaket vart starta opp. Byråd Erlend Horn (V) seier at det ikkje er hensiktsmessig med eigne avtalar no, men at det vert arbeidd med det.

Skriftlege samarbeidsavtalar er viktige for å sikre at teamet vert kontakta kvar einaste gong det er ein overdose. Utan skriftlege avtalar er det vanskeleg å sjå for seg at teamet får beskjed kvar gong dei skal få beskjed.

Det finst utfordringar knytt til både personvern og teieplikt når det gjeld å involvere eit nytt tiltak i oppfølginga av overdosar. Men Bergen kommune treng ikkje finne opp hjulet på nytt her.

Overdoseteamet er bygd etter modell frå Trondheim, som har hatt eit slikt tiltak i 18 år. Dei utfordringane som Bergen har med personvern og teieplikt, har Trondheim løyst. Då må Bergen òg klare det.

Les også

João (56) sitt liv speiler Portugals narkotikahistorie. Nå reiser norske politikere hit for å lære.

Etatsdirektør Rønnaug Frøiland seier til BT at slike avtalar tar tid. Det er greitt nok. Men det er eitt år sidan overdoseteamet vart annonsert. Det er seks månadar sidan dei første vart tilsett. Og det er to månader sidan det opna.

Når ho viser til at det ofte tar tid for tiltak i rusomsorga å gå seg til, blir det for defensivt. Frøiland har heilt rett i at rusavhengige kan bruke lang tid på å bli kjent med nye hjelpetiltak, men det bør ikkje gjelde forholdet mellom kommunale etatar.

Viss kommunen bestemmer at legevakta skal kontakte overdoseteamet når dei rykkjer ut på ei overdose, så skal legevakta gjere det. Kvar gong.

Tiltaket som byrådet har gitt pengar til er for godt til å gå på tomgang.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».