Ferjeprisane er ikkje Stortingets ansvar

Senterpartiet må lære seg kva lokaldemokrati er for noko.

Publisert Publisert

GÅR PÅ STRAUM: Møkstrafjord var den fyrste elektriske ferja i Hordaland, og går mellom Hufthamar og Krokeide. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

  1. Leserne mener

I Nordland og Møre og Romsdal blei ferjetakstane kraftig auka frå nyttår. Sunnmørsposten fortalde nyleg at pendlarar i fylket har fått opp til 11.000 meir i årlege billettutgifter. Fleire strekningar har auka 40 prosent i pris over natta.

Utgiftene kjem ikkje fordi tilbodet er vesentleg forbetra, men fordi fylka manglar pengar – i alle fall slik dei sjølve legg fram saka.

Det er grunn til å ta det gryande ferjeopprøret på alvor. Bompengeopprøret i Bergen og andre plassar viste for alvor at det ikkje er klokt å gje nokre innbyggarar ein urimeleg økonomisk byrde.

Samstundes er det ikkje ei god løysing å svare på prisauken med statleg tvang.

Senterpartiet bed no om at regjeringa skal innføre ein makspris på ferjereiser. 45 ordførarar langs kysten har gått inn for det same kravet i eit eige opprop.

Les også

BT meiner: Pengesekken bør ikkje sitje så laust når det gjeld Oslo at dei til og med får vegar dei ikkje vil ha.

Regjeringa gjer rett i å avvise kravet. Nordland fylkeskommune, der Senterpartiet sit ved makta, bør stå fritt til å fastsetje sine eigne takstar. Lokaldemokratiet må få fungere også når politikarane tek upopulære val.

Allereie tidleg i januar reverserte fylkesrådet i Nordland den kraftige prisauken. Det viser at lokaldemokratiet fungerer: Protesten blei lytta til. Politikarane såg at dei hadde gått for langt.

Det er langt frå sikkert at reverseringa hadde gått like snøgt om takstane blei bestemt i Oslo i staden for i Bodø.

Samstundes bør regjeringa følgje opp sin eigen handlingsplan for grøn skipsfart frå i fjor. Der slo dei fast at fylka skulle ta omsyn til dei auka kostnadene fylka får ved å gå over til el-ferjer.

Les også

Vestland må få gå seg til

Førebels ser det ikkje ut til at denne kostnadsauken er fullt ut kompensert. Nye Vestland ligg heilt i tet når det gjeld å ta i bruk nye ferjer med låge utslepp, og har som følgje av dette store ekstrakostnader.

Det er svært viktig at fylka ikkje sit att med svarteper når dei kuttar utslepp.

Det viktigaste her er likevel ikkje krangelen mellom politikarar på fylkes- og riksnivå, men omsynet til passasjerane. For dei er det rivnande likegyldig kven som har vedteke dei nye prisane.

Skal det bu folk langs heile kysten, må Noreg sikre eit godt ferjetilbod til ein rimeleg pris. Alt anna er til skade for både distrikta og det grøne skiftet.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».