Det blir verre

Regjeringa kan ikkje la skredsikringa gå sin vante gang, når ekstremvêret som fører til skred vert meir og meir vanleg.

Publisert: Publisert:

JØLSTER: «Klimakrisa vil bety meir tørke og meir nedbør. Det er ei oppskrift på fleire skred, slik som det som tok liv i Jølster», meiner Bergens Tidende. Foto: Adalheidur Oldeide

Vestlandet har vore gjennom ei tung veke. Det rekordvarme vêret vart avløyst av kraftige regnbyer. Det førte til ei rekke flaumskred, med store skader og mange evakuerte. I Jølster tok jordskreda eit liv.

Statens viktigaste oppgåve bør vere å sikre tryggleiken til innbyggarane sine. Øydeleggingane er ei påminning om kor farleg det kan vere i folks bustader, eller på dei mange kronglete vegane i vest.

Difor må regjeringa auke innsatsen for skredsikringa. Diverre går det altfor sakte.

I mai kutta regjeringa 180 millionar kroner til rassikring i det reviderte nasjonalbudsjettet. Kuttet vert forklart med at dei berre følgjer opp prioriteringane i Nasjonal Transportplan (NTP).

Det er fint at staten har pengar til overs på budsjettet etter at dei planlagde prosjekta for 2019 har starta opp. Det burde ikkje føre til kutt, men oppstart av fleire sikringstiltak.

Løyvingane er små, medan utfordringane er enorme. Berre på Vestlandet står sikringsprosjekt for 20 milliardar i kø. Ein kjem nok aldri heilt i mål, men folk har ikkje råd til at regjeringa ventar på handlingsplanen sin.

For naturen les ikkje stortingsvedtak. Skreda følgjer ikkje ein handlingsplan. Dei berre rasar.

Les også

Arne og Marit ble fanget i raset i Jordalen. - Vanvittig store steiner kom mot oss.

Regjeringa må òg få fart på klimainnsatsen.

Av dei fem kraftigaste regnbyene som nokon gong har vore på Vestlandet, har tre av dei kome i 2019. Det er ikkje normalt uvêr, men altfor hyppig ekstremvêr.

Klimakrisa vil bety meir tørke og meir nedbør. Det er ei oppskrift på fleire skred, slik som det som tok liv i Jølster.

Reduserte utslepp av klimagassar er det viktigaste ein kan gjere for å redusere talet på skred. Likevel gjekk norske klimautslepp opp i 2018.

Både skredsikring og klimatiltak er ting som tar lang tid å fikse. Men skreda i Jølster viser òg fram at samfunnet heller ikkje klarer langt mindre utfordringar.

I eit intervju med VG seier statssekretær Atle Hamar (V) at det tok to døgn før mobilnettet var oppe igjen på heimstaden hans.

Det går utover folks tryggleik og burde vere overkomeleg å fikse på kortare tid. Det er det absolutt minste storsamfunnet kan gjere for dei som er råka av ras.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».