Språkrådets rettvise harme

Statlege organ viser seg igjen uskikka til å lage namn til seg sjølv.

FORBANNA: Språkrådet-direktør Åse Wetås ber regjeringa om meir makt til å stoppe nye, meiningslause namn på offentlege organ. Det burde ikkje vere naudsynt, sjølv om offentlege leiarar tydelegvis treng ei oppstramming, skriv BT på leiarplass. Butt, Mariam / NTB Scanpix

Det går ein smittsam sjukdom gjennom offentlege etatar. Eit virus som gjer at dei angripne får lyst til å kalle seg noko som ingen forstår, som ikkje har noko kopling til kva ein driv med. No har Språkrådet fått nok, og det med god grunn.

Språkrådet har sendt eit krast brev til Kulturdepartementet, der dei slår fast at staten gong på gong bryt eigne skrivereglar og retningslinjer for utforming av namn. Dropen som fekk det til å flyte over, ifølgje Dagens Næringsliv, var at Fredskorpset endrar namn til Norec.

Akkurat som Bane NOR og OsloMet er Norec eit namn som i seg sjølv ikkje seier noko. Akkurat i Fredskorpsets tilfelle var namnet i utgangspunktet ikkje det beste. Dei driv med utveksling av tilsette og frivillige mellom Noreg og utviklingsland, og er ikkje noko korps som rykkjer ut for å skape fred. Men med noko fantasi burde det gå an å lage eit namn som gjev meining på norsk, og så ha ei engelsk omsetjing.

Ideen om bruke meiningslause namn er allereie utbreidd i næringslivet. Det siste dømet er Statoil, som nyleg endra namn til Equinor. Tanken er at namnet skal vere «tomt», og difor kan fyllast med rett innhald. Som direktør Jan Olav Baarøy i Norec seier til DN: «Vår oppgave er å fylle det med mening». Slik blir språket fattigare, meir byråkratisert og institusjonane meir framande for folk.

Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål. Etter Jernbaneverket endra namn til Bane NOR SF i 2016 sende Kulturdepartementet ut eit rundskriv der alle statlege føretak vart oppmoda til å konsultere Språkrådet før dei skiftar namn.

Men ifølgje direktør Åse Wetås blir oppmodinga ofte ignorert. Eit godt døme var då Høgskolen i Oslo og Akershus endra namn til OsloMet – storbyuniversitetet. På bygningane i Oslo har skulen gått eit steg vidare, og sett opp skilt med Oslo Metropolitan University Storbyuniversitetet». For rektor Curt Rice var det viktig å lage eit namn som fungerer på engelsk. Det same seier Baarøy i Norec.

Denne haldninga er provinsiell og primitiv. Offentlege føretak, ikkje minst kunnskapsinstitusjonar som høgskular og universitet, bør vere i første rekke i å forsvare norsk språk og kultur. Det burde ikkje vere vanskeleg å ha eit eige engelsk namn på institusjonen, for dei som treng det.

Offentlege bedrifter og organisasjonar er eigd av og skal tene fellesskapet, ikkje seg sjølv. Den nye namnetradisjonen tyder på at ein del ikkje forstår denne rolla.

Statssekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet seier regjeringa vurderar om ein bør gje Språkrådet meir formell makt til å gripe inn i slike namneendringar. Det burde ikkje vere naudsynt.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».