Eit søtt utval

No skal det endeleg bli orden på sukkeravgifta, for i dag er det berre rot.

SUR AVGIFT: – Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor det er avgift på ein marsipangris, men ikkje på ein marsipanrull, sa Siv Jensen (Frp) i Stortinget på måndag. Foto: Ørn E. Borgen, Aftenposten

Publisert:

Det er nødvendig med ei avgift på sukker for å oppmode til eit betre kosthald. Dagens avgift er så full av hòl og rare reglar at det ikkje går an å løyse den ein sein kveld i budsjettforhandlingane. Men det er slik avgifta har blitt handtert av Solberg-regjeringa til no.

I fjor auka Høgre, Frp, Venstre og KrF sukkeravgifta med 83 prosent. No innrømmer regjeringa at fjorårets auke ikkje var god, og senkar avgifta igjen. Det skal regjeringa ha skryt for.

Men endringa for neste år er eigentleg underordna. Det viktigaste er at regjeringa no skal la eit utval vurdere heile avgifta, og ikkje berre endre på satsane ein sein forhandlingstime.

Les også

Asbjørn Kristoffersen: Sukkersuget

I sin finanstale måndag trakk Finansminister Siv Jensen (Frp) fram eitt av dei mest brukte døma på kor rart sukkeravgifta slår ut:

– Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor det er avgift på ein marsipangris, men ikkje på ein marsipanrull.

Ja, det er vanskeleg å forstå.

Det er ikkje sukkeret som avgjer om ei vare skal ha sukkeravgift eller ikkje. Sjølv sukkerfrie varer er det avgift på. I ein del tilfelle er det fornuftig. Sukkerfri brus er framleis usunn, og vert difor skattlagt på lik line med sukkerhaldig brus.

Les også

– Dette er pinleg for politikarane i Hordaland. Det ser ut for alle som dei er blitt lurt av Sogn og Fjordane.

Sukkeravgifta er lite føreseieleg, og det bør utvalet ta tak i. Kjeks som inneheld mindre enn halvparten sjokolade er fritatt for sukkeravgift. Dersom kjeksen har sjokoladetrekk er det avgift uansett.

Kaker og is er fritekne. Det betyr at Snickers har sukkeravgift, medan Snickers-is er avgiftsfri.

Les også

NHO: Sukkeravgiften gir 500 millioner mindre enn regjeringen regnet med

Formålet med sukkeravgifta er delt mellom å gi staten inntekter og å oppmode til eit sunnare kosthald. Utforminga ber preg av dette todelte målet.

Fjorårets avgiftshopp skulle bidra med 1,84 milliardar meir i inntekter til staten. Men avgifter påverkar òg grensehandelen. Det har blitt meir og meir vanleg å bestille snop og drikkevarer frå utlandet. Importen er til og med moms- og tollfri, så lenge ein kjøper for mindre enn 350 kroner om gongen.

Dette er eit fritak som regjeringa ikkje vil røre.

Avgifter er den tydelegaste måten staten kan synleggjere forskjellen mellom sunne og usunne varer på. Sukkeravgifta sviktar på dette. Ei ny sukkeravgift må betre balansere formåla om inntening for staten og eit sunt kosthald. Den må samtidig bli lettare å forstå enn dagens avgift.

Forhåpentlegvis klarar regjeringa å ordne opp i det før avgifta fyller 100 år i 2022.