Ingen plass for valkamp

Valkampen kan ikkje drivast på ein folketom festplass.

Publisert: Publisert:

DÅRLEG PLASS: Dersom folk ikkje går til Festplassen slik situasjonen er no, må kommunen ta grep, meiner Bergens Tidende. Foto: Eirik Brekke

Bergenspolitikarane har vedteke å flytte valkampen sin vekk frå Torgallmenningen.

Det er berre eitt problem: Folk går ikkje på Festplassen i kvardagen.

Både veljarane og partia taper på at valbuene er blitt stua vekk frå Torgallmenningen.

Grunnen til at valstyret flytta buene, er vegarbeid i Olav Kyrres gate og den planlagde utbytinga av søylene på Torgallmenningen.

Medan valkampen vert råka av arbeidet med søylene, vert julehandelen skjerma. Då tek ein nemleg ei pause i arbeidet.

Det er ei feilprioritering. Valkampen er langt viktigare enn støyfri gåvehandel.

Les også

Brif: Bompengeavtalen kan bety mindre å betale for deg

Valbuene er det faste møtepunktet mellom veljarar og kandidatane som står på val. Ja, partia går på dørbank og har andre arrangement og aksjonar for å møte veljarane.

Men i valbua kan kven som helst få litt KrF-kaffi og ei Senterparti-plomme, men langt viktigare: det er den einaste plassen der veljarane alltid kan møte folk frå alle parti.

Kjem det statsrådar eller partitoppar til Bergen, så kjem dei innom valbua. Ein slik stad krev føreseielegheit for å fungere godt.

Dei siste åra er det blitt fleire og fleire skuleklassar som oppsøkjer valbua grunna prosjektarbeid om valet. Desse kjem til å vere rundt valbuene nesten uansett kvar den vert plassert.

Sjansen for at veljarar tilfeldigvis går innom, er derimot gått ned fordi folk går mindre på Festplassen enn på Torgallmenningen.

Det er eit generelt problem for plassen, men når valkampens midtpunkt vert plassert der, er problemet akutt.

Les også

– Dette sikrer Bybanen til Åsane

Vedtaket vart fatta i november, og valstyret var samrøystes. Der er alle partia i Bystyret representert, unnateken Raudt. Det er nedslåande at det i mellomtida ikkje er gjort noko for å trekke fleire folk til Festplassen i valkampen.

Dersom folk ikkje går til Festplassen slik situasjonen er no, må kommunen ta grep.

Kommunen bør opne for at private kan setje opp buer med mat og drikke, og det bør setjast opp fleire sitjeplassar enn vanleg. Fleire av politikarane har òg ytra ønskje om ei lita scene som partia kan bruke jamleg.

Dette er berre nokre døme, men det hastar med å finne på noko som trekk folk til Festplassen, eller får dei som går forbi der, til å stoppe.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».