Kultur- og idrettslivet må forstå alvoret

Ei rekkje store arrangement i Bergen planlegg som om alt er ved det normale denne våren. Det kan koste både dei og byen dyrt.

Publisert Publisert

Framsyninga «Manes» av det spanske ensemblet La Fura dels Baus blei vist under Festspillene i fjor. Foto: Paul S. Amundsen (arkiv)

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 13 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

«Inntil videre arbeider vi for at alle arrangement skal gå som planlagt», sa direktør Anders Beyer i Festspillene i Bergen til BT sist veke.

Etter planen startar Festspillene 20. mai. Det er ikkje mange vekene til. Budsjettet er på 65 millionar kroner og brorparten er offentlege tilskot.

Utøvarar og gjestar frå mange land skal etter planen setje byen på hovudet i nesten to veker. I same tidsrom skulle Eurovision Song Contest gått av stabelen i Rotterdam i Nederland.

Den store musikkonkurransen er no avlyst og blir ikkje arrangert før i 2021. Glastonbury-festivalen, ein av Europas største, er avlyst denne sommaren.

Nordiske Mediedager i Bergen skriv på sine heimesider at det er «grunn til å anta at vi ikke kan gjennomføre Nordiske Mediedager som planlagt». Det gjer dei klokt i.

Både skular og høgare utdanning har fått melding om at det er lite truleg at det går an å gjennomføre eksamenar i store gymsalar som normalt.

Denne veka skal det kome nye meldingar om kva tid skular og andre institusjonar kan opne att. Då bør regjeringa gje føreseielege reglar for andre sektorar òg.

«Vi planlegger for at Bergenfest 2020 gjennomføres som planlagt», skriv festivalen på sine heimesider. Kva med Regnbuedagene? 7-fjellsturen? Bergencup?

Mange av desse arrangementa tek også imot støtte frå det offentlege, i tillegg til at dei krev mykje tilrettelegging frå kommunens side. Ved å avlyse i siste liten går endå meir pengar tapt.

Samstundes: om arrangørane no er så tonedauve at dei ikkje oppfattar kva som er i ferd med å skje rundt dei, bør dei heller ikkje vente same sympatien som dei som no har forstått alvoret.

No treng vi at alle kommuniserer det same bodskapet. Om folk får inntrykk av at dette ikkje er meir alvorleg enn at store arrangement kan gå som normalt om nokre veker, vil det openbart verke forvirrande.

Når arrangørane planlegg for at alt skal gå som normalt, bruker dei heller ikkje tida på å leite etter alternativ. For tida ser mange på konsertar sendt direkte på nettet. Finst det digitale løysingar i ei krisetid?

I tillegg er dette viktige arrangement byen treng. Jo større tapa blir, jo større er sjansen for at nokon ikkje klarer seg til neste år.

Då står Bergen fattigare tilbake.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».