Klimautsleppa må vekk

Ambisiøse klimakutt er det einaste rette for Vestland.

Publisert: Publisert:

NULLUTSLEPP: Det nye fleirtalet på fylket skal kutte klimautsleppa til null. Her ved toppkandidatane (f.v.) Gunhild Berge Stang (V), Trude Brosvik (KrF), Natalia Golis (MDG), Anne Gine Hestetun (Ap), Jon Askeland (Sp) og Marthe Hammer (SV). Rune Sævig (Arkiv)

Fleirtalet i det nye Vestland fylke vil krevje nullutslepp innan 2030. Ap, Sp, MDG, SV, KrF og Venstre har signert ei ambisiøs, dyr, men ytst nødvendig målsetjing.

Klimaendringane ligg ikkje som ein fare langt inn i framtida. Dei skaper allereie meir ekstremvêr, og Vestlandet er spesielt utsett.

Skal ein hindre dei verste skadeverknadane, må ein kutte mykje og raskt.

Plattforma til samarbeidspartia er sterk på målformuleringa, men svarer ikkje på korleis kutta skal skje. Slik er ofte samarbeidserklæringar.

Det viktige er at partia lover ein kuttplan. Den må kome raskt, dersom det gode målet skal vere realistisk.

Dei samla klimautsleppa til Vestland fylke var i 2017 cirka 175.000 tonn. I fylkets eigen verksemd er dei største utsleppspunkta bussar, ferjer og båtar.

Elektrifiseringa av kollektivtrafikken har starta. I Hordaland skal denne politikken føre til kutt i klimagassar på 55 prosent allereie i 2021, og det er på ferjene at kutta er størst.

Hurtigbåtar og bussar i distrikta er mykje vanskelegare å elektrifisere, men må til om ein skal nå målet.

Vestland fylke vil bli det desidert mest ferjetette fylket i landet. Det er òg eit krevjande fylke å drive klimavenleg bussreiser i. Det å kutte klimagassutsleppa til null, er difor ei mykje større utfordring her enn alle andre stader.

Fylkeskommunen burde få meir støtte frå statlege Enova for å klare omstillinga utan at nullutsleppsferjer fører til dårlegare rutetilbod eller går utover skulane.

Dersom Vestland fylke skal lukkast med å nå nullutsleppsmålet, vil det krevje store mengder elektrisk kraft. Det same krev den kraftige elbilveksten som òg er nødvendig for å få ned utsleppa.

Likevel seier fleirtalet i Vestland i praksis nei til all vindkraftutbygging. NVE hadde sett av fire område i Vestland i sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraftutbygging.

Meir fornybar kraft, både til eigen elektrifisering og til eksport, vil vere eit bidrag i overgangen til eit meir klimavennleg samfunn.

Ser ein vekk frå transporttenestene fylket tilbyr, er flyreiser den største utsleppsposten i Hordaland. Når Hordaland og Sogn og Fjordane blir til Vestland, går ikkje behovet for flyreiser ned. Heller tvert om.

Fylket bør auke bruken av til dømes video, men på same måte som med ferjene, bør fylkeskommunen gå i front for å utvikle ny og meir klimavenleg teknologi. For Vestland skal vere eit fylke der ein kan reise raskt, òg i ei meir berekraftig framtid.

Publisert: