Høgsterett må vere ein domstol for heile landet

Oslo-dominansen i Høgsterett er eit demokratisk problem.

Publisert Publisert

Høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie meiner Oslo-dominansen i Høgsterett er uproblematisk. Foto: Håkon Mosvold Larsen (Arkiv)

Ei kartlegging NRK gjorde i fjor, viste at 18 av 20 høgsterettsdommarar er utdanna i Oslo. 17 av dei har mesteparten av yrkeserfaringa si frå hovudstaden.

Når høgsterettsdommarane har for lik bakgrunn, kan det påverke konklusjonane deira. Difor bør regjeringa sørgje for variasjon.

Høgsterett representerer den dømmande statsmakta. Det ville vore fullstendig uakseptabelt om dei to andre statsmaktene – regjering og storting – hadde vore samansett på same måte.

Domstolen er ikkje berre eit fagorgan. Dei avklarer og skaper rett, og avgjerslene kan vere politiske.

Les også

Etter en 16 timers togtur er de endelig tilbake til Bergen

No skal Høgsterett få ein ny dommar. Då har regjeringa ein sjanse til å rette opp den skeive samansetjinga.

For sjølv om høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie meiner samansetninga er uproblematisk, ønskjer ho «en bredest mulig sammensetning ut fra blant annet yrkesbakgrunn, kjønn og geografi».

Dag Michaelsen er tidlegare dekan ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Han meiner Oslo-dominansen er for sterk.

Likevel er det lite som tyder på at det vert gjort noko med den smale samansetninga.

Arnfinn Agnalt er leiar for innstillingsrådet. I fjor sa han at dei ikkje tar omsyn til geografi, og at det faglege er viktigast. Men det er ingen som påstår at rådet skal nedprioritere faglege kvalifikasjonar.

Agnalts svar tyder på at han meiner at Oslo-dominansen er tilfeldig, og berre eit resultat av at ein set fagleg tyngde øvst. Det er neppe tilfellet.

Jusstudiet kom til Bergen i 1969 og til Tromsø i 1984. Det er ingenting som tilseier at desse studiestadene ikkje har utdanna gode nok juristar til å fylle fleire plassar i Høgsterett.

Bu- og arbeidsstad er vel så viktig som studiestad. Det er fullt mogeleg å ha god nok yrkesmessig erfaring utanfor hovudstaden til å bli dommar i Høgsterett.

Då er forklaringa til UiB-professor Hans Fredrik Marthiniussen meir plausibel. Han meiner at det er ein viss grad av sjølvrekruttering og at mange kjem frå dei same sosiale krinsane.

Oslo er ein stor by i eit lite land, og det er her dei fleste arbeidsplassane for juristar finst. Difor er det naturleg at hovudstaden tar stor plass. Men dominansen er altfor stor i Høgsterett.

Dersom innstillingsrådet ser utanfor sin eigen krins, kan dei finne nye stemmer. Dei burde vere pålagt å sjå på fleire kriterier i samanheng, til dømes geografi. Det vil vere bra for Høgsterett.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».