Ein uverdig kø

Byrådet gjer ein dårleg jobb for byens utviklingshemma og deira familiar.

BØR LEVERE: Helsebyråd Beate Husa (KrF) lovar å fjerne køen for bustader og avlastingsplassar for utviklingshemma i Bergen. Denne gongen bør byrådet levere, skriv BT på leiarplass.

Rune Sævig

Mange familiar med alvorleg utviklingshemma barn må sjå langt etter ein avlastingsplass i Bergen. Dei siste to åra har køen for å få plass blitt nesten dobbelt så lang. 117 familiar står no på venteliste, ifølgje BA.

Avisa kunne i går fortelje om eit bufellesskap i Midtunvegen, som er blitt utsett ei rekke gonger. Prosjektet illustrerer at problema på feltet ikkje er av ny dato.

Bufellesskapet kom inn i bybudsjettet allereie under førre byråd, i 2015. Allereie då var det lange køar, men byrådet lova at det skulle stå ferdig i 2016. Etter ei rekke utsetjingar ligg det no an til å stå ferdig i slutten av 2021, tidlegast.

SVs Oddny Miljeteig seier til BA at saka er ein skandale, og meiner både dagens byråd og det førre Høgre-dominerte byrådet «har hatt et ganske avslappet forhold til at utviklingshemmede og deres familier må stå i kø».

Helsebyråd Beate Husa (KrF) seier ho skjønar at familiane tvilar på politikaranes handlekraft, men at byrådet no skal levere. Det står att å sjå.

Tilliten til våre folkevalde er avhengig av at dei held ord. På dette feltet har det ikkje mangla på gode intensjonar. Men det hjelper lite når dei ikkje blir følgde opp i praksis.

Ein kan seie mykje om eit samfunn ved å sjå korleis det tek vare på dei svakaste. Få vil vere usamde i at dei utviklingshemma og foreldra deira er blant dei som har mest trong om hjelp og støtte.

Mange alvorleg utviklingshemma krev så mykje omsorg at foreldre må gå ned i redusert stilling, eller slutte i jobben. Ein avlastingsplass kan vere forskjellen på å klare å halde fram i arbeid eller ikkje. Difor ligg det òg ein vinst for samfunnet ved at familien får ein slik plass.

Eit av problema i dag er at mange vaksne utviklingshemma tek opp avlastingsplassane, fordi kommunen manglar tilretelagte bustader. 109 utviklingshemma over 18 år står på venteliste for eigen bustad.

Helsebyråden lovar å fjerne ventelistene ved å bygge 130 tilrettelagde bustader. Dei bør kome raskt. Lovnader har det vore nok av. Denne gongen bør byrådet levere.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».