Kampen for å overleve

Finansnæringa i Bergen har tatt opp kampen mot sin eigen død. Dei fortener all støtte dei kan få.

DRIVKREFTER: Sparebanken Vest-sjef Jan Erik Kjerpeseth og seriegründer Henrik Lie-Nielsen har vore sentrale i opprettinga av ei næringsklynge for finansteknologi i Bergen. At klynga lykkast er viktig for Bergen, skriv BT på leiarplass. Ørjan Deisz

I går vart det kjent at den ferske finansklyngja i Bergen, Finance Innovation, har fått Arena-status frå Innovasjon Norge. I tillegg til 2,2 millionar kroner får dei ein nasjonal klyngestatus. Finansnæringa er viktig for Bergen, og initiativet viser at næringa har tenkt å overleve.

Bank- og finansnæringa er på veg inn i ei svært krevjande omstilling. Landets største bank, DNB, reknar til dømes med å halvere talet på tilsette i løpet av fem år.

Det som driv utviklinga er ei svært rask teknologisk utvikling og nye politiske rammevilkår. Til saman er det i ferd med å endre føresetnadene for heile bransjen.

Kunnskap om folk, nedfelt i data vi sjølve skaper ved å bruke ulike tenester på nettet, opnar for at andre kan ta over banktenestene våre. Bankane risikerer å bli utkonkurrert av Facebook, Google, flyselskap, nettbutikkar og mange andre.

Utviklinga blir forsterka av politiske vedtak som tvingar bankane til å opne opp for konkurrentane, som EU-direktivet PSD2. Det vil mellom anna gjere det mogeleg for Facebook og andre å hente ut og setje inn pengar direkte på din konto i den lokale sparebanken.

Dermed treng du ikkje lenger å bruke sparebanken sin nettbank, og dermed mister dei viktig kunnskap om deg. Og Facebook får endå meir. Bankane risikerer dermed å ende opp med småpengar, medan Facebook og andre stikk av med fortenesta. På sikt kan bankane bli overflødig.

Det er dette trugsmålet som ligg bak Finance Innovation. Men samarbeidet er meir enn ei forsvarsmekanisme. Digitalisering skaper òg mogelegheiter. Ambisjonen til finansklyngja i Bergen er å utvikle ny teknologi, både for å forsterke finansnæringa i konkurransen og for å skape nye eksportbedrifter.

Det kan anten vere innanfor smale nisjeteknologiar, eller tenester som kan konkurrere på verdsbasis. Ei slik kunnskapsintensiv satsing kan ikkje finansnæringa bere åleine. Difor er Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og NHH tungt inne i den nye bergenske finansklyngja.

Den finansteknologiske klyngja kan difor få innverknad langt ut over denne eine næringa. Digital teknologi i ein bransje viser seg ofte å ha overføringsverdiar til andre bransjar.

Dessutan er det med på å gjere Bergen til ein meir interessant by for teknologane alle bransjar no kjempar om. Finansnæringa si satsing bør difor vere ein solid inspirasjon for andre, ikkje minst for næringslivet på Vestlandet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».