Elbilane treng rabatten i bomstasjonen

Ny statistikk viser at ein bør vere varsam med å auke bompengane for elbilar.

Publisert Publisert

SUKSESS: Bergen har den nest flest elbilar pr. innbyggjar blant dei større kommunane i Noreg. Det er det all grunn til å vere stolt av, skriv BT på leiarplass. Foto: EIRIK BREKKE

  1. Leserne mener

Bompengar er ikkje blant gledene i livet. Men måndag presenterte Norsk elbilforening ein statistikk som i alle fall viser at bompengar har ein hyggjeleg bieffekt: Talet på elbilar i landets kommunar går opp i takt med bompengane. Årsaka er sjølvsagt at elbilar som regel får rabatt, eller gratis passering.

Ifølgje foreininga er det heilt gjennomgåande at talet på elbilar aukar i kommunar med bompengeringar. Såleis er ikkje uventa Asker og Bærum i toppen blant dei større kommunane. Mange der pendlar inn til Oslo, og elbil gjev rabatt i bomstasjonane. Vel så viktig er at dei kan bruke kollektivfeltet til å køyre forbi køane av fossilbilar, sjølv om vilkåra er blitt stramma inn.

I Bergen spelar ikkje køsmitinga like stor rolle, fordi det er langt færre kollektivfelt langs arbeidsrutene. Likevel har Bergen no fleire elbilar pr. innbyggjar enn Bærum, og ligg dermed på andreplass blant dei større kommunane.

Det er ein gledeleg statistikk. Bergensarane kan vere stolte av eit slikt bidrag til å få ned klimautsleppa, og til å skape eit økonomisk grunnlag for utvikling av klimavenleg teknologi.

Les også

Køtiden inn til Bergen halvert etter økte bompriser i rushtiden

Bergen har no òg passert Oslo på statistikken. Generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforeining meiner ei forklaring er at fleire bur i leilegheiter i Oslo, og dermed har vanskelegare tilgang til lading.

Men det er ikkje noko nytt. Truleg spelar bompengar ei viktigare rolle. I mai vedtok bystyret i Bergen den lenge varsla byvekstavtalen, som gjev ein kraftig vekst i både satsar og talet på bomstasjonar.

Bergens elbil-boom har altså ein bismak, fordi han er eit resultat av at folk og næringsliv må betale stadig meir for å køyre på offentlege vegar. Det er difor rett og rimeleg at elbilar etter kvart òg må betale noko for å køyre på desse vegane.

Men det er svært viktig at elbilar beheld ein solid rabatt. Er det noko statistikken frå elbilforeininga viser, så er det at bompengar er ein svært viktig del av støtta som må til for å få til ein overgang til fossilfrie bilar.

I fjor utgjorde elbilar 15,7 prosent av nybilsalet, ein nedgang frå 17,1 året før. Det understrekar at verkemidla snarare må skjerpast enn svekkjast, om Stortinget skal nå sitt eige mål om at alle nye bilar i sal skal vere fossilfrie innan 2025. Rabattar i bomstasjonane er ein viktig del av desse verkemidla, og må førast vidare.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».