Politiet bør la våpenet ligge i bilen

Væpninga av politiet har ikkje ei god nok grunngjeving.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende
Noreg bør ha eit uvæpna politi, meiner BT på leiarplass.
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Fleire byar og land i Europa er igjen råka av islamistisk terror. Det har fått politiet til å væpne seg i tre veker.

Det er ikkje snakk om ei generell væpning, men ei midlertidig væpning av innsatspatruljar.

Politiet må vere opne om grunnlaget. Noreg har innført midlertidig væpning fleire gonger dei siste åra, og grunngjevingane er ofte mangelfulle.

No seier politidirektør Benedicte Bjørnland at trugselnivået er uendra.

Det betyr at PST vurderer det som «mogeleg» at det vert gjennomført terrorangrep i Noreg.

Då væpningsutvalet la fram sin rapport i 2017, skreiv dei at det ved midlertidig væpning «skal praktiseres krav om bevæpningsbeslutning for det enkelte oppdrag».

Det er ikkje ein del av bodskapen frå politiet torsdag.

Les også

Politiet ville fengsle kvinne etter to knivepisoder, men fikk ikke medhold. Så skal hun ha utført et knivangrep.

Politiet i Noreg har ved fleire høve argumentert for at dei bør vere væpna permanent.

Det bør dei ikkje bli.

Det enklaste er nok pistol, men tillit er meir effektivt.

Eit uvæpna politi er best eigna til å løyse konfliktar og behalde høg tillit i folket.

Politidirektøren trur ikkje at væpninga vil endre etatens forhold til folket.

Væpningsutvalets skreiv òg følgjande: «Skyteepisoder med politiet har en tendens til å rokke ved tilliten, og de utfordrer politiets legitimitet.»

Terroren viser at det ikkje alltid er mogeleg å unngå valdelege situasjonar.

Difor er våpen eit viktig verktøy for politiet – i enkelte situasjonar.

Norsk politi har i dag god tilgang på våpen i bilane sine. Dei har òg lov til å væpne seg for spesifikke oppdrag eller når situasjonen tilseier det.

Det må svært gode grunnar til for at politiet skal byrje å gå med våpen til dagleg. Den grunngjevinga har ikkje politiet gitt i denne situasjonen.

Publisert
  1. Bevæpning
  2. Politiet
  3. Terror
  4. Benedicte Bjørnland
  5. PST

Les mer om dette temaet

  1. Hundrevis anmeldt for koronakriminalitet

  2. Politiet om fester i natt: – Noen måtte vi dra tilbake til en ekstra gang

  3. Slik lever livvaktene under stuegulvet til Erna Solberg

  4. Politiet reagerte på munnbind-regel: «Ikke mulig å håndheve»

BT anbefaler

Da Liv Monika (16) møtte barnevern og psykologer, lukket hun seg. Men på mobilen lå en historie få voksne fikk høre.

Liv Monika (16) var for frisk for psykiatrien, men for syk for barnevernet. Da hun ble sendt som en kasteball i systemet, ble livet umulig å leve.

LES SAKEN