Kampfly-sprekken må opp i Stortinget

Regjeringa må snarast forklare milliardsprekken i kampflyprogrammet, og korleis det skal finansierast.

DYRT: Prisen på dei nye jagarflya blir minst 16 milliardar kronar høgare enn det Stortinget vedtok i 2012, viser ei avsløring i dagens BT.

Amir Cohen / X02077

Kostnadene ved Noregs kjøp av 52 nye F-35 kampfly nærmar seg svimlande 100 milliardar kroner. Prisen blir minst 16 milliardar kronar høgare enn det Stortinget vedtok i 2012, viser ei avsløring i dagens BT.

Overskridingane er djupt urovekkjande av fleire grunnar. For det første kan overskridingane på kampflyprogrammet gå kraftig ut over andre delar av Forsvaret. Forsvaret har andre store behov som må dekkjast, om landet skal få eit skikkeleg vern. Det vil det bli endå vanskelegare å få budsjettdekning for, når kampflyprogrammet tek så store summar.

Det første kravet til regjeringa er difor at dei må sørgje for at overskridingane ikkje vil gå ut over resten av Forsvaret, noko som betyr at løyvingane må aukast ut over det regjeringa har planlagt.

Les også

Kampflyregningen har økt med 16 milliarder kroner

Men ein skal ikkje kaste pengar ut vindauget. Det andre kravet er difor at regjeringa no går kritisk gjennom pengebruken, og kjem til Stortinget med ei forklaring. Stortinget er blitt informert undervegs, men berre delvis og aldri i ein heilskapleg og lett forståeleg presentasjon.

Viss det viser seg at Stortinget her ikkje er blitt informert, slik reaksjonane i dagens sak kan tyde på, er det svært alvorleg for regjeringa.

Ein god del av overskringane ser likevel ut til å skuldast høgare dollarkurs, ein risiko Stortinget var informert om. Med ei så stor investering får det svært store økonomiske følgjer, noko stiller spørsmålet om det har vore kjøparen, den norske staten, som her einsidig har tatt valutarisikoen.

Når det gjeld andre utgifter, som oppgraderingar av hangarar til flya på Ørlandet, er det mykje som tyder på at planlegginga var for dårleg. Ifølgje Ståle Ulriksen, forskar og hovudlærar i sjømakt ved Sjøkrigsskolen, var flybasen planlagt for fredstid, noko som verkar absurd.

Det var altså ikkje lagt opp til sikring av flya for ein eventuell krig. Difor må ein no investere i langt sikrare hangarar, til 200 millionar for kvar hangar. Det åleine gjev truleg ei ekstrarekning på 3,6 milliardar kroner.

Den investeringa kjem ein neppe utanom. Regjeringas oppgåve no er difor å gå prosjektet etter i saumane. Så må dei sørgje for at overskridingane i kampflyprogrammet ikkje går ut over resten av Forsvaret.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».