Kloke tilsyn

Meir openheit og betre tilsyn vil styrkje dei private barnehaganes legitimitet.

TILTAK: Nye reglar for pengebruken i barnehagesektoren trengst, meiner BT. Her er soveskuret på kommunale Skansemyren barnehage. Klemetsen Fred Ivar Utsi (arkiv)

Regjeringa har no kome med eit framlegg til nytt regelverk for barnehagesektoren. 16 år etter barnehageforliket trengst det oppdaterte reglar.

Meir enn ni av ti ungar i alderen eitt til fem år går no i barnehagen. Om lag halvparten går i offentleg eigde barnehagar. Resten går i private barnehagar.

Det skulle i utgangspunktet borge for at Noreg fekk ein god miks av ulike typar barnehagar, der både familiedrivne, ideelle og kommersielle kunne leve side om side med dei kommunale barnehagane.

Likevel har utviklinga gått i ei anna retning. Store konsern tek over stadig større delar av barnehagesektoren. Det er ikkje i seg sjølv negativt, men det er uheldig om det gjer det vanskelegare å ta vare på mangfaldet på eigarsida.

Les også

BT mener: Barnehager er byutvikling

Regjeringa møter dette med ei rekke tiltak som no er ute på høyring:

Eit nytt, nasjonalt tilsyn skal sjå til at pengane til barnehagane faktisk kjem ungane til gode. Anten det er foreldrebetaling eller skattekroner, er ikkje formålet med pengane at overskota skal vere størst mogleg.

Det er viktig ikkje å overdrive rapporteringskrava frå det offentlege. Men når berre éin prosent av barnehagane hadde økonomitilsyn mellom 2013 og 2016, tyder det på at oppfølginga har vore for dårleg.

I dag får truleg private barnehagar eit pensjonstilskot som er høgare enn dei faktiske pensjonskostnadene. Det er rett av regjeringa å endre tilskotet i takt med dette.

Les også

BT mener: Frykten for de private

Eit krav om at alle barnehagar skal vere eige rettssubjekt kan kanskje verke byråkratisk. Eit slikt krav vil derimot føre til at kvar barnehage må utarbeide eigne rekneskapar.

Slik vil både foreldre og samfunnet elles kunne følgje med på korleis pengane i kvar enkelt barnehage blir brukt.

Regjeringa ønskjer å gjere regelverket for bruken av tilskot tydelegare. Dette er positivt. Intensjonen med pengeoverføringane er å sikre ein best mogleg barnehage. Då må pengane gå til det.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (Høgre) vil ha råd om kor vidt kommunane bør kunne få prioritere ideelle driftarar. Ei slik ordning vil vere av det gode. Då får lokalsamfunnet høve til å sikre eit godt mangfald av barnehagar lokalt.

Samla sett er regelendringane eit godt svar på dei utfordringane sektoren no opplever, og vil gjere det lettare for små og store barnehageaktørar å leve side om side.

Ved å sikre at pengane går til unganes beste, aukar regjeringa legitimiteten til dei private barnehagane.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».