Godt nytt for vestlandsbonden

Landbrukspolitikken er kanskje det området som blir mest endra med den nye regjeringsplattforma. Endringane er stort sett til det betre.

ÅLREITE DYR: Mange plassar er vestlandsnaturen slik at einingane vanskeleg kan gje heiltidsarbeid. Biletet viser dalasau og farga spelsau på Rongved gard på Osterøy. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Publisert:

I dag får Noreg etter alt å døme ein ny landbruks- og matminister. Men det er ikkje berre fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad som blir ny på feltet: Ho får følgje av ein nyforhandla landbrukspolitikk der det ser ut til at sentrumspartia har gjort storeslem.

Tidlegare har Høgre og Frp lagt mest vekt på at stordrift skal løne seg. For mange vestlandsbønder er tanken om fulltidsbonden ein utopi, og dei kan gle seg over ein politikk som er betre tilpassa også små og mellomstore bruk.

Granavollplattforma peikar på fire søyler for jordbrukspolitikken: Velfungerande importvern, samvirkebaserte marknadsordningar, årlege jordbruksoppgjer og ein eigedomspolitikk for å sikre den sjølveigande bonden.

Les også

BT20-Spesial: Er denne regjeringa dømt til å kollapse?

Vidare ser regjeringa det som eit mål å sikre aktivt jordbruk over heile landet med bruk av ulik storleik. Frps draum om å avvikle jordbruksoppgjera er lagt vekk, og godt er det. Noreg treng ikkje den typen demonstrasjonspolitikk.

Skal Noreg faktisk ha eit levande landbruk over heile landet, må det reguleringar og overføringar til. Samstundes er det viktig at sektoren ikkje blir låst fast av ordningar som fører til stillstand.

Det er fleire tiltak på trappene for å styrkje bøndene som produsentar av både lokalmat og opplevingar. Landbruket har dei seinare åra hatt høg innovasjonstakt, og det er bra at regjeringa vil gjere sitt for at dette kan halde fram – og helst auke.

Les også

Jens Kihl: En historisk umulighet

Det er svært positivt at regjeringa vil ha ein forsterka klimapolitikk for landbruket. Denne sektoren har høge utslepp, og kan ikkje vere freda for endringar i meir klimavenleg retning.

I fjor vann Venstre ein viktig siger i Jeløyplattforma: Regjeringa skulle gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Det er positivt at dette ikkje blir endra i den nye plattforma. Likeins er det bra at regjeringa legg opp til omstillingsordningar både for pelsdyrbønder og for dei viktigaste pelsdyrkommunane.

Det er eit poeng i seg sjølv at landbrukspolitikken bør styrast på langsiktig vis. Brå endringar eignar seg dårleg for ein sektor der dei yrkesutøvande sjølve – bøndene – gjerne tenkjer i generasjonar og hundreår.

Klimakampen er den aller viktigaste kampen for å sikre norsk landbruk i framtida. Alle norske statsrådar må kjenne seg som klimaministrar om Noreg skal nå våre mål om kraftig reduserte klimagassutslepp.

Klimaansvaret ligg særleg tungt på landbruksministeren.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».