Politisk teater i Sverige

Problema i svensk politikk er ikkje over, sjølv om landet no kan få ei regjering.

LØYSING: Socialdemokraternas Stefan Löfven vil ta eit solid steg til høgre, og danne regjering med Centern og Liberalerna. Radikale Vänsterpartiet trugar med å stoppe prosjektet, men endar truleg med å seie ja, skriv BT på leiarplass. Foto: Anders Wiklund/TT / TT NYHETSBYRÅN

Publisert:

Eit halvt år etter det Svenske riksdagsvalet har landet framleis ikkje fått ei regjering. Det tener ikkje svenske politikarar til ære.

I går stranda nok eit forsøk på å danne regjering. Vänsterpartiet, Sveriges svar på norske SV, sa nei til å støtte ei regjering leia av Sveriges svar på Arbeidarpartiet, Socialdemokraterna.

Årsaka var at sistnemnde parti hadde inngått ein samarbeidsavtale med Centerpartiet, Liberalerna og Miljöpartiet de gröna, der det står at Vänsterpartiet «ikkje kjem til å få innverknad på politikken Sverige i den komande mandatperioden».

Svenske veljarar røysta i september for å byte ut Stefan Löfven (S) som statsminister. Regjeringspartia Socialdemokraterna og Miljöpartiet de gröna fekk under ein tredel av røystene. Men heller ikkje den borgarlege blokken hadde fleirtal, fordi dei ikkje var viljuge til å samarbeide med innvandringskritiske Sverigedemokraterna.

At nær ein av fem svenske veljarar blir heldne utanfor på denne måten er eit problem. Utanforskapen kan styrke Sverigedemokraterna ved neste val. Dessutan målber partiet ei uro som fortener seriøs behandling.

Trass gårsdagens dramatikk opna Vänsterpartiets leiar Jonas Sjösted døra på gløtt. Mellom anna skal formuleringa om innverknad ikkje gjelde alle politikkområde.

Fleire medium spekulerte i at Sjösted ville vere nøgd med munnlege forsikringar frå Löfven, til dømes om at Socialdemokraterna vil prioritere saker dei og Vänsterpartiet er samde om.

Får Sverige no ei ny regjering skuldast det ikkje minst dei to liberale partia Centern og Liberalerna, som har teke ansvar ved å bryte blokkgrensene.

Både dei og Socialdemokraterna strekte seg langt. Med denne samarbeidsplattforma tek Stefan Löfven politikken eit godt stykkje til høgre, mellom anna i arbeidslivsspørsmål og utleigeregulering.

Liberalernas leiar Stefan Björklund karakteriserte laurdag den økonomiske politikken til koalisjonen som «meir borgarleg enn Alliansen».

Det kan difor sjå ut som at Sverige endeleg får ei ny regjering. Det er bra, men problema i svensk politikk er ikkje over med dette.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».