Stopp planting av svartelista skog

Sitkagrana høyrer ikkje heime i norsk natur.

IMPORT: Amerikansk sitkagran er blant dei mest skadelege artane for det biologiske mangfaldet. Difor bør tresorten fjernast frå norsk natur, skriv BT på leiarplass. Foto: Wikimedia Commons

Publisert:

Då ein skulle byggje landet etter krigen vart det planta ut store mengder amerikansk gran, spesielt sitkagran, i Noreg. Delar av landskapet på Vestlandet vart endra av den framande tresorten. No vurderar regjeringa å forby treslaget. Det bør dei gjere.

Sitkagrana spreier seg raskt og bryt ned det biologiske mangfaldet i skogen. Difor har denne og fleire andre importerte treslag hamna på den såkalla Framandartlista. Ifølgje lista utgjer sitka- og lutzgran «svært høy risiko» for norsk natur, fordi treslaga har «stort invasjonspotensiale, og høy økologisk effekt».

Regjeringa har ei målsetjing om å stanse planting av svartelista artar som sitkagran. Dei har difor sett Landbruksdirektoratet og Miljødirektorata i gang med ei utgreiing av eit mogeleg forbod. Tilrådinga frå direktoratet kjem etter planen 15. september.

Trass i regjeringas mål gjev framleis fleire fylkesmenn dispensasjon til planting. Naturvernforbundet og WWF vil ha eit forbod for å få slutt på utplantinga. Det har dei heilt rett i. Regjeringa bør difor innføre eit generelt forbod mot utplanting av dei svartelista treslaga.

Meir komplisert blir det å bli kvitt den skogen som allereie finst. Ifølgje Klima- og miljøverndepartementet er det 500 kvadratkilometer med sitkagranskog i Noreg. Det representerer store verdiar, og kan ikkje fjernast over natta.

I tillegg til å forby planting, bør difor regjeringa leggje ein plan for å hindre at skogen spreier seg meir, og for at ein på sikt kan fjerne dei framande artane.

For skogeigarane vil eit generelt forbod mot sitka- og lutzgran få store økonomiske konsekvensar. Ikkje minst på kysten, der norsk gran ikkje klarer seg like godt som dei framande sortane. Regjeringa kan difor vente seg kraftig motstand frå skogsnæringa.

Men sjølv om motstanden er forståeleg, må omsynet til artsmangfaldet vege tyngst i denne saka.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».