Få valkampen ut av vegen

Politiet må gripe inn mot bompengemotstandarar som bruker vegen som valkamparena. Nok er nok.

Publisert:

VARSLA LOVBROT: – Onsdagens bompengeaksjon er eit varsla lovbrot. Politiet må bøteleggje aksjonistar som bevisst hindrar trafikken. Foto: Elias Dahlen (Arkiv)

På onsdag planlegg tre aksjonsgrupper mot bompengar ein koordinert aksjon. – Vi skal lage kork, seier Trym Aafløy, som stiller til val for «Folkeaksjonen nei til mer bompenger».

Dei som står bak aksjonen lammar ein heil by fordi dei er ueinige i det bystyret og Stortinget har fatta eit vedtak om.

Saka er eit varsla lovbrot. Politiet må gripe inn og bøteleggje aksjonistar som bevisst hindrar trafikken. Elles gjer dei ikkje jobben sin.

Les også

BT presiserer om bompengeaksjoner

Kontrasten er skarp til andre dømer på sivil ulydnad. Då eit knippe miljøvernarar protesterte mot nye kraftlinjer i Hardanger i 2011, greip politiet hardt inn. Aksjonistane vart bore vekk og pålagt store bøter.

Det er vanskeleg å forstå kvifor det skal vere meir akseptabelt å lamme biltrafikken i ein stor by enn å demonstrere mot nye kraftlinjer.

Les også

Eit minstekrav er at ein får noko igjen for betalinga

Motstandarane har likevel eit poeng: Det finst grenser for kor mykje bilistane kan ventast å måtte betale. Dersom det blir færre og færre som skal betale for stadig større kollektivlyft går ikkje reknestykket opp.

Dette er dei etablerte partia fullt klar over. Både byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) og Høgres nye toppkandidat Harald Victor Hove har sagt at bompengar ikkje vil vere berekraftig om få år.

Politikarane er altså samde om å modernisere vegfinansieringa i framtida. Slike legitime poeng gir derimot ikkje aksjonsgruppene rett til å bryte vegtrafikklova ved å lage eit kaos på vegane.

Les også

BTs leiar: Bompengar treng legitimitet

Bompengar er sentralt for å nå målet med nullvekst i biltrafikken. Uregulert biltrafikk vil kvele byen.

Utan bompengar ville lufta vore mykje meir helseskadeleg enn i dag. Bergens kvardag hadde vore som under ein av dei mange bompengeaksjonane: Alt ville stått i stampe.

Prinsippet bak bruken av bompengar er logisk og riktig. Den som forureinar skal vere med på å betale for belastninga trafikken påfører, og målet er at fleire skal kunne klare seg utan bil.

Bompengane har gjort det mogeleg å investere stort i heilt nødvendig kollektivtrafikk. Bybanen hadde i fjor 12,6 millionar passasjerar.

Valkampen må gjerne bli prega av bompengedebatt, men denne aksjonsforma kan ikkje halde fram.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».