Uverdig jakt på ein syndebukk

Det er ikkje barneskuleeleven som varsla om dårleg datatryggleik som er problemet, men Bergen kommune sjølv.

TAR IKKJE ANSVAR: – I etterkant av datainnbrotet i bergensskulen, har kommunen valt å leggje all skulda på eleven. Det er urettferdig, og viser ein kommune som ikkje ønskjer å ta ansvar for eigne feil, meiner BT. Ørjan Deisz (Arkiv)

Ein elev braut seg inn i eit kommunalt datasystem og fekk tilgang til sensitiv informasjon om lærarar og elevar i bergensskulen. Innbrotet vart kjent i august, og viste fram svært dårlege tryggingsrutinar i Bergen kommune.

I etterkant har kommunen valt å leggje all skulda på eleven. Det er urettferdig, og viser ein kommune som ikkje ønskjer å ta ansvar for eigne feil.

Kommunaldirektør Trine Samuelsberg har sendt eit brev til foreldra med «ranselpost». Der skriv ho at det vart sett i verk strakstiltak då det vart kjent via media at uvedkomande hadde fått tilgang til sensitive personopplysningar.

Det kommunaldirektøren derimot ikkje skreiv var at kommunen hadde visst om problemet lenge, men at dei ikkje hadde gjort noko med det.

Seks månader før kommunen slo alarm, varsla nemleg eleven om at tryggleiken var svak. Skulen rapporterte det vidare til kommunens IT-avdeling, men ingenting vart gjort. IT-avdelinga burde forstått konsekvensane av at datasystemet var så dårleg sikra.

Då lyder det rimeleg holt når Samuelsberg skriv i brevet til foreldra at kommunen tar «sikkerhetsfeilen på det største alvor». For det har ikkje kommunen gjort.

Dei stengde alle brukartilgangar og forsterka tryggingstiltaka umiddelbart etter at saka vart kjent i media, men ikkje med ein gong problemet vart kjent for kommunen. Då bør kommunen gå litt stille i dørene.

Tvert imot, så har kommunen meldt datainnbrotet til politiet. Reint prinsipielt er det fornuftig å få avklart om noko ulovleg har skjedd. Ein skal ikkje bryte seg inn i skulens datasystem, og eleven skulle ikkje ha sendt ut ei melding i rektors namn. Men kommunen burde vore glad for å få beskjed om problemet, og ikkje latt dette barnet vere syndebukk for kommunens dårlege datatryggleik.

Det å skulde på den som gjer deg merksam på eit problem er ein strategi. Men den er forferdeleg dårleg.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».