Eit tilsyn som ikkje gjer jobben sin

Riksrevisjonens kritikk tyder på at Petroleumstilsynet har for liten avstand til næringa dei skal ha tilsyn med.

ÅTVARING: Petroleumstilsynet fekk allereie i 2013 beskjed om å bli strengare i verkemiddelbruken, utan at det skjedde. No har dei fått ei siste åtvaring, skriv BT på leiarplass.

Carina Johansen / NTB scanpix

Petroleumstilsynet skal passe på at oljeselskapa driv forsvarleg på norsk sokkel. Den jobben skjøttar dei dårleg, viser ein ny rapport frå Riksrevisjonen. Det bør få konsekvensar.

Rapporten konkluderer med at tilsynet ikkje avdekkjer alvorlege tryggleiksutfordringar, ikkje bidreg til at oljeselskapa rettar opp feil og avvik og at tilsynet heller ikkje brukar dei verkemidla dei har, som stans i verksemda, tvangsmulkt og bøter.

Riksrevisor Per-Kristian Foss seier Petroleumstilsynet rett og slett «har liten påvirkning på selskapenes sikkerhetsarbeid».

Dei siste tiåra har det vore få store ulykker på norsk sokkel. Men rapporten viser at det lett kunne gått annleis, mellom anna fordi Petroleumstilsynet ikkje gjer jobben sin. Det mest alvorlege i rapporten omhandlar Goliat-plattforma utanfor Hammerfest.

Petroleumstilsynet gav oljeselskapet Eni samtykke til å ta i bruk plattforma, sjølv om ho ikkje var i forsvarleg stand. Ifølgje Riksrevisjonen stolte tilsynet på forsikringane dei fekk frå Eni, utan å sjekke om alt var i orden før dei gav samtykke til å starte drifta.

Det same skjedde etter ei hending på boreriggen Songa Endurance i 2016, der tilsynet ifølgje Riksrevisjonen i for stor grad stolte på at Equinor ville rydde opp sjølv.

Les også

Goliat: En plattform full av feil. En sjef under etterforskning. Slik ble oljekjempen en skandale.

Det Riksrevisjonen avdekkjer er ikkje enkeltståande feil, men systemsvikt. I for stor grad overlèt tilsynet kontrollar til selskapa sjølve, og baserer seg på eit system med eigenrapportering. Rapporten viser at tilsynet i langt større grad sjølve bør kontrollere at selskapa har tinga i orden.

Direktør Anne Myhrvold i Petroleumstilsynet seier til NTB at dei vil «bruke verktøykassen på en tydeligere måte». Vel, det står att å sjå kva det betyr. Tilsynet fekk allereie i 2013 eit klart råd om å bli strengare i verkemiddelbruken, utan at det skjedde, skriv Stavanger Aftenblad.

Avisa har tidlegare avdekt at Myhrvold sjølv har tette band til oljeindustrien. Både ektemannen og ein person i hennar nære nettverk jobba så seint som hausten 2017 høgt oppe i Equinors avdeling for tryggleik og berekraft. Sjølv kom Myhrvold i 2013 til jobben frå oljeselskapet BP Norge.

No har Myhrvold éin sjanse til for å vise at ho tek kritikken alvorleg. Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) seier til NTB at tilsynet no skal bli hardare i klypa. Skjer ikkje det, bør Myhrvold byttast ut.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».