Overvaking og rettsstat

Regjeringa bør stanse ulovleg overvaking av norske borgarar.

LYTTESTASJON: På militærbasen Eggemoen ved Hønefoss har Etterretningstenesta bygd opp ein avansert lyttestasjon. Regjeringa bør snarast avklare om overvakinga som skjer der er innanfor lova, skriv BT på leiarplass. Google

Sidan midten av 2000-talet har Etterretningstenesta overvaka telefonsamtalar og datakommunikasjon frå eit anlegg ved Hønefoss. Ifølgje avsløringa til NRK gjeld dette òg norske borgarar.

Stortingets kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) stilte for halvanna år sidan spørsmål om lagringa er ulovleg. Men framleis har ikkje politikarane svart. Saka ligg no hjå regjeringa.

Dette er ikkje ein rettsstat verdig. Regjeringa bør snarast avklare om overvakinga er innanfor lova. Er ho ikkje det, må praksisen stoppast til ein eventuell lovheimel er på plass. Det vil òg opne for ein naudsynt offentleg debatt om saka.

Ein av landets fremste menneskerettsadvokatar, Jon Wessel-Aas, omtalar overvakinga NRK har avslørt som «et eklatant, systematisk og bevisst brudd på Grunnlovens bestemmelser om vern av vår kommunikasjonsfrihet». Han meiner omfanget og fråværet av juridisk kontroll gjer at praksisen bryt med den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Ifølgje Wessel-Aas har staten i røynda snikinnført det omstridde «digitale grenseforsvaret», ei sak som er under utgreiing. Skilnaden er at det omhandlar overvaking av kommunikasjonskablar, medan anlegget ved Hønefoss overvakar satellittkommunikasjon.

Les også

«Digitalt grenseforsvar»: Personvern under press

Retten til eit privatliv, til ikkje å bli overvaka, har aldri vore så truga som no. Internettets tidsalder har gjort oss alle vande med at vi vil bli sett. Kvar gong vi melder oss inn i eit sosialt nettverk eller lastar ned ein app på mobiltelefonen, godkjenner vi meir av det same.

Dette er likevel noko vi gjer frivillig, noko vi blir gjort merksame på. Etter Edward Snowdens avsløringar veit vi òg at informasjonen vi legg att på Facebook, Google og andre stader kan bli brukt av amerikansk etterretning og deira samarbeidspartnarar.

Avsløringane til NRK, som stammar frå dokument Snowden smugla ut av den amerikanske etterretningsorganisasjonen NSA i 2013, viser at anlegget på Hønefoss er tett integrert i det amerikanske overvakingssystemet. Det opnar i seg sjølv for spørsmål om bruken av dei data som blir samla inn.

Demokratisk kontroll av dei hemmelege tenestene er heilt grunnleggjande for ein rettsstat. Når uskuldige borgarar ikkje kan snakke på telefonen eller sende ein e-post utan frykt for å bli overvaka, bryt det med heilt grunnleggjande menneskerettar.

Det er viktig at våre hemmelege tenester har gode verktøy til å hindre terrorisme. Men det skal skje under demokratisk kontroll, innanfor lova og med så lite inngrep i borgaranes fridom som mogeleg.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».