Ingen fleire omkampar om Ringeriksbanen

Regjeringa har teke ein fot i bakken. Dei burde heller setje spaden i jorda.

Publisert Publisert

NEDE PÅ STASJONEN: Om ni år kan det vere ein time kortare togreise mellom Oslo og Bergen. Foto: Bård Bøe (arkiv)

  1. Leserne mener

Det er ingen samferdsleprosjekt austanfjells som er viktigare for Vestlandet enn Ringeriksbanen. 40 kilometer ny togstrekning mellom Sandvika og Hønefoss vil korte ned reisetida mellom Oslo og Bergen med nesten ein time.

Planen er at banen skal bli bygd saman med 15 kilometer ny E16. Også denne strekninga er viktig for Vestlandet: Hovudvegane frå Bergen endar i kø, kork og kaos frå Hønefoss og inn mot Oslo.

No treng Vestlandet at regjeringa ikkje somlar meir med dette prosjektet.

Samferdsledepartementet bad før jul Jernbanedirektoratet om å sjå seg om etter mogeleg innsparingar i prosjektet. Det var fornuftig.

I dette tilfellet er kostnaden no rekna til å vere 33,9 milliardar kroner, 5,5 milliardar meir enn det som blei fastsett i gjeldande Nasjonal Transportplan. Denne prisen gjeld både veg og bane.

Regjeringa gjer klokt i å sjå seg om etter mogelege innsparingar ved alle prosjekt som vil koste skattebetalarane fleire titals milliardar kroner.

Les også

BT meiner: Ein unødvendig motorveg

Allereie 8. januar var konklusjonen klar: Nei, det finst ikkje innsparingar som ikkje vil svekke sjølve poenget med utbygginga vesentleg.

«Vi anbefaler derfor at reguleringsplanen for prosjektet nå vedtas», sa Anita Skauge, direktør for jernbanestrategi, til direktoratets heimeside.

Ho har rett. Ideen om Ringeriksbanen har levd sidan 1858. I år er det 111 år sidan Bergensbanen var ferdigstilt, og like lenge har toga gått via Drammen eller Hadeland. No må det handling til.

Fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 skal etter planen ha byggestart i 2021/2022. Målet er at strekninga er ferdig i 2028/2029. Det er ikkje lenge til.

Les også

Jens Kihl: For meg er det NSB som gjeld. Uansett.

Ein ferdig utbygd bane vil ha store konsekvensar både lokalt i Oslo-regionen og nasjonalt ved å knyte landets to største byar betre saman.

Dersom framtidas transport skal skje med tog heller enn med bil og fly, kjem ein ikkje unna store investeringar i sektoren.

Den ferdige, statlege reguleringsplanen ligg no på bordet til kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Bergens tidlegare byrådsleiar bør vite kva som er best for byen, landsdelen og landet:

Bygg Ringeriksbanen.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».