Panikk i bompengeleiren

Dei bybanevenlege partia må vise litt meir sjølvtillit i møte med bommotstanden. For politikken fungerer.

EIT GODE: – Bompengane bidreg til utbygging av nyttig kollektivtrafikk. Bybanen er ein vilkårslaus suksess, og eit fleirtal av innbyggarane vil bruke bompengar til dette formålet, meiner BT. Eirik Brekke (arkiv)

No vil Arbeidarpartiet flytte bomstasjonar i Åsane, for å kontre den veksande motstanden. I Åsane og Arna er nemleg Folkeaksjonen mot bompengar (FNB) største parti på førre BT-måling.

Ap ville ikkje flytte bomstasjonane då det sist vart diskutert i bystyret. Høgre og Senterpartiet har tidlegare foreslått endringar. Då var det «rå populisme», ifølgje tidlegare byrådsleiar Harald Schjelderup.

No er partiet på gli. Ap-kappa snur seg fint i vinden.

Framlegget til trafikkplanleggar Helge Hopen inneber at den interne trafikken i Åsane ikkje vert omfatta av den nye bomringen.

Ap ser ut til å ha gløymd formålet med den nye bomringen: Dei som køyrer rundt i Åsane skal vere med å betale.

Les også

Han foreslo å flytte bomstasjonane i fjor

Det er lett å gløyme at bompengane faktisk er gode for byen. Bompengane er ikkje eit nødvendig vonde, men ei kjelde til mindre bilkøyring og mindre forureining.

Bompengane bidreg til utbygging av nyttig kollektivtrafikk. Bybanen er ein vilkårslaus suksess, og eit fleirtal av innbyggarane vil bruke bompengar til dette formålet. Då må politikarane som eigentleg er for det, vise litt meir sjølvtillit.

Det gjer MDGs toppkandidat Thor Haakon Bakke. Onsdag la han ut eit bilete på Twitter av at han gav bomstasjonen han passerte ein klem.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Ny vin til valget

Politikarane som vedtok bompengepakka visste akkurat korleis det ville treffe, til dømes i Salhus. Når dei like før valet vil gjere endringar, ser det berre ut som det er ei frykt for bompengelista som motiverer dei.

Det er forståeleg at folk som plutseleg får mykje høgare bompengerekningar reagerer, og det er endå meir forståeleg når vegane dei har blitt lova ikkje har kome og kollektivtilbodet er dårleg.

Difor er det greitt med ein ekstra runde, for å sjå på om enkelte bommar kan flyttast.

Det er derimot ikkje mogeleg at alle bomstasjonane vert heilt rettferdig plassert. Prinsippet bør uansett vere klart: Køyrer ein mykje rundt i Bergen kommune, bør ein vere med på å betale bompengar.

Les også

Flere sier ja til å bruke bompenger til bane og buss

Framtidas bompengekvardag kan likevel bli annleis – og meir rettferdig. Regjeringa kan opne for GPS-basert vegprising, slik at ein betaler for kvar kilometer ein køyrer. Då slepp ein dei urettferdige utslaga som plasseringa av bomstasjonar fører til.

Fram til det skjer, må bomstasjonane stå. Det er nemleg store investeringar som står att for å gjere kollektivtrafikken betre.

Det finst ikkje eit truverdig alternativ til bompengar og Bybanen, som faktisk vil redusere biltrafikken i Bergen.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».