Regjeringa er til for folket

Veljarane fortener ei regjering som oppfører seg i tråd med den tilliten dei har fått.

KAOS: Om alle fire partia har tenkt til å bli sitjande i regjering, må dei legge seg til ein ordbruk som er oppgåva verdig, skriv BT på leiarplass. Vidar Ruud, NTB Scanpix (arkiv)

Dei siste dagane har skuldingane hagla mellom Venstre og Frp. «Brun propaganda», «langt over streken», «retorikk som stinkar», forkasteleg ordbruk», «spinnvilt» og «useriøst»:

Ein skal visst finne seg i at regjeringspartia kan stemple kvarandre som nesten kva som helst. At Frp i tillegg bruker ord som «snikislamisering» dagar etter eit terroråtak mot norske muslimar i bøn, er verkeleg ikkje bra for landet.

Den offisielle definisjonen av ei regjeringskrise er perioden der ei regjering har levert avskilssøknaden til Kongen og det framleis ikkje er utnemnt ei ny. Dermed har ikkje Noreg teknisk sett hatt ei slik krise på mange år.

I den meir daglegdagse bruken av ordet går landet vårt nærast frå regjeringskrise til regjeringskrise om dagen.

Den norske regjeringa var knapt ferdig med eit lurveleven om bompengar før ho kasta seg inn i eit basketak om språk- og biletbruk om flyktningar og muslimar.

Les også

Jens Kihl: Han kan sende Venstre ut i krise

Sett utanfrå verkar situasjonen tidvis ute av kontroll. Statsminister Erna Solberg (H) har ved fleire høve bede Venstre og Framstegspartiet om å dempe ordbruken og bidra til eit meir konstruktivt samarbeidsklima.

Til inga nytte: Når Frp-leiar og finansminister Siv Jensen bed Venstre «ta konsekvensane» om dei ikkje vil sitje i regjering med Framstegspartiet, seier det noko om eit dysfunksjonelt samarbeidsklima.

Samstundes har Jensen rett: Parti som ikkje vil sitje i regjering, står fritt til å trekkje seg.

Utbrota seier òg noko om statsministerens manglande kontroll med eigne regjeringspartnarar. Det er alvorleg.

Statsrådskollegiet, med statsministeren i spissen, skal vise veg i vanskelege debattar. Kvar dag skal regjeringa vår søkje å finne kompromiss gjennom enkle og krevjande tider.

Les også

Raja: De Frp-erne som er såret, har jeg beklaget overfor

Alt dette gjer regjeringa. Nye integreringstiltak, gode klimaløysingar og bidrag for å stimulere næringslivet blir rulla ut. Det blir satsa på lærarar og elevar. Mange sjukehus viser imponerande resultat.

Likevel druknar det for ofte i bråket frå regjeringspartia – først og fremst mellom Frp og Venstre. Det er ein heilt feil måte å bruke den tilliten og den makta dei er gjevne av folket på.

Det er også øydeleggande for alle dei politikarane i regjeringspartia, ikkje minst lokalt, som i desse dagar burde få snakke om viktige forhandlingar i kommunar og fylke. Dei fortener betre enn dette.

Om alle fire partia har tenkt til å bli sitjande i regjering, må dei legge seg til ein ordbruk som er oppgåva verdig. Det er verdt å minne om kva vi eigentleg snakkar om her:

Ei regjering er ikkje til for seg sjølv. Ho skal styre Noreg til beste for land og folk.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».