Dårleg start for nye Sunnfjord kommune

Jenny Følling (Sp) skal ha 945.000 kroner i året for å vere varaordførar i Sunnfjord. Løna til Følling er pinleg for henne, Sunnfjord, Høgre og Senterpartiet.

Publisert: Publisert:

FØLLING FÅR SUPERLØN: Det er ikkje berre Senterpartiet som har eit forklaringsproblem. Det har òg Høgre, som har gått med på ein slik avtale, meiner BT. Tor Høvik

I nye Sunnfjord kommune har Høgre kome til makta med støtte frå Senterpartiet. Måten det skjedde på luktar ille.

For Senterpartiet hadde eigentleg planar om å styre saman med Arbeidarpartiet. Ifølgje Helge Robert Midtbø frå Ap var forhandlingane langt på veg ferdige.

Dei var samde om alt unnateke eitt punkt: Løna til varaordførar Jenny Følling (Sp).

Les også

Får millionlønn som varaordfører i Sunnfjord

Før valet hadde fellesnemnda for det nye storkommunen (tidlegare Førde, Gaular, Jølster og Naustdal) vedteke eit lønssystem for politikarane. Varaordføraren skulle ifølgje den tverrpolitiske nemnda ha 30 prosent av ordførarens løn, om lag 375.000 kroner.

I forhandlingane med Senterpartiet auka Ap denne til 50 prosent. Ifølgje Midtbø var dette ei svært viktig sak for Sp, og hovudgrunnen til at Sp braut forhandlingane med Ap.

Sp gjekk så til Høgre og sitjande ordførar Olve Grotle, som skal ha gått med på å auke løna til Jenny Følling til full ordførarløn, 1,25 millionar kroner. Det skapte bråk.

Fredag gjorde Grotle retrett på ein pressekonferanse der han sa at løna til Følling blir 945.000. Følling vil få om lag 100.000 kroner i godtgjersle for fylkeskommunale verv. Dermed blir reell utbetaling for Sunnfjord om lag 845.000 kroner.

Følling avviste til BT at pengar var drivkrafta for henne og Sp: «Dette handler ikke om meg, men om at en skal ha to politiske ledere som jobber for interessene for Sunnfjord. Dette handler om politisk kraft.»

Forklaringa er ikkje særleg overtydande. Senterpartiet har vore med på å forhandle fram avtalen der godtgjersla til varaordføraren er definert. At løna no er redusert frå 1,25 millionar til 845.000 kroner, er framleis milevidt unna det nivået politikarane hadde lagt fram for veljarane før valet.

Det er ikkje berre Senterpartiet som har eit forklaringsproblem. Det har òg Høgre, som har gått med på ein slik avtale.

Rett nok seier den komande ordføraren, Olve Grotle (H), til NRK at dette var eit tilbod dei hadde til fleire. Han meiner det er naudsynt med to heiltidspolitikarar i den nye kommunen.

Det burde i så fall Høgre ha fremja i fellesnemnda i god tid før valet. Slik dette ser ut no, er det umogeleg å fjerne mistanken om at Høgre har kjøpt seg til makt med skattebetalarane sine pengar.

Les også

Ingen toppjobb for Hestetun

Dette er ein dårleg start for nye Sunnfjord kommune, som allereie har dårleg råd. Det einaste rette er at varaordføraren får godtgjersle tilsvarande 30 prosent av ordførarløna.

Politikarane i Sunnfjord må følgje avtalen dei sjølve har inngått og som veljarane har stolt på.

Tilliten Senterpartiet og Høgre no bryt ned, kan det ta lang tid å bygge opp.

Publisert: