Regjeringa må få hovudet ut av oljefatet

Det hastar med å dyrke fram eit eksportretta næringsliv som kan ta over etter olja.

Publisert Publisert

ÅRSTALE: Sentralbanksjef Øysten Olsens klåre tale er ei påminning til statsminister Erna Solberg (H) om at det hastar med å få fart på omstillinga til livet etter olja, skriv BT på leiarplass. Foto: Terje Pedersen

  1. Leserne mener

Torsdag heldt sentralbanksjef Øystein Olsen ein årstale, som var ein slags dom over regjeringas økonomiske politikk.

Om vi held olje og gass utanfor, har handelsunderskotet med utlandet auka kraftig under Solberg-regjeringa (sjå graf). Samstundes har den offentlege pengebruken svulma opp (neste graf).

Regjeringa har høyrt kritikken før, men har godt av å høyre han igjen. Kanskje kan det gjere at dei bremsar pengebruken litt i statsbudsjettet for neste år.

Ved å vise til handelsunderskotet, får Olsen fram eit viktig poeng: Stadig meir av importen vår blir finansiert ved sal av olje og gass. Det er urovekkande. Produksjonen på norsk sokkel vil falle utover på 2020-talet, og med det både eksportinntektene og inntektene til staten. Då må andre næringar dyrkast fram.

Fallet i oljenæringa kjem rett og slett fordi brønnar etter kvart går tomme. Lite tyder på at ein vil finne nye felt som er store nok til å vege opp for fallet.

I tillegg er oljeinntektene lenger framme meir usikre enn før, fordi klimapolitikk og kraftig utbygging av fornybar kraft kan gjere fossilt brensel mindre verdifullt.

Det viktigaste regjeringa kan gjere er difor å legge til rette for vekst i anna konkurranseutsett næringsliv, som erstatning for dei fallande inntektene frå oljenæringa.

Olsen har eit godt poeng når han i eit intervju med Dagens Næringsliv seier endå tydlegare enn i årstalen at høge offentlege budsjett legg «beslag på en stadig større andel av de tilgjengelige produksjonsressursene i økonomien». Då blir det mindre rom for andre næringar å vekse, fordi dei ikkje får tak i kapital og arbeidskraft.

Les også

Sentralbanksjefen: – Ingen næringer klare til å erstatte olje og gass

Solberg-regjeringa har tatt fleire gode grep for å få fart på nyskapinga, som å redusere selskapsskatten. Men alt for mykje av pengebruken har gått til auka verksemd i skjerma næringar med svak produktivitetsvekst, anten det er offentlege tenester eller bygg og anlegg.

Noreg er godt stilt til å klare overgangen til eit liv etter oljen. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Omstillinga vil krevje tøffe prioriteringar og stram styring. Sentralbanksjefens klåre tale er ei påminning om at det hastar med å kome i gang.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».