Gje naturen ein prislapp

Prissetting av urørt natur er langt frå eit perfekt system, men det bør prøvast ut for å sikre viktige område mot inngrep.

LANDSKAP MED REKNEMASKINER: Høgspentlinene gjev energi til land og folk, men er òg sår i landskapet. Her er ei kraftmast på Finse. Helge Sunde

Kva er den økonomiske verdien av ein frisk haustdag i fjellet eller ein blikstille sommarmorgon ved fjorden? Kor mykje er ein skitur i fjellheimen eigentleg verdt i kroner og øre?

Svaret er naturlegvis at det ikkje er mogeleg å setje ein prislapp på dette. Likevel kan det vere grunn til å prøve. Ved starten av året låg det 150 søknader om energiutbygging og vassdragstiltak på Vestlandet inne til godkjenning hos Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). I desse – og mange andre – saker er verdien av urørt natur sett til kroner null. Dermed vil det aldri telje negativt i reknestykket å gjere inngrep der naturen til no har fått vere i fred.

Vi nordmenn liker å tru at store delar av landet vårt er urørt, vakker natur. Sanninga er at mindre enn 12 prosent av naturen no er utan inngrep, og prosenten søkk stadig. Det aller meste av dette området er i Nord-Noreg. I Sør-Noreg er under fem prosent av naturen urørt, ifølgje Miljødirektoratet. Vi menneske tek oss til rette som om naturen berre er til for oss – og berre her og no.

Men naturen har ein verdi. Ikkje berre for friluftslivsentusiastar, men òg for turistnæringa og andre. Og er vi eigentleg sikre på at vi treng kvar ei vindmølle og vasskraftturbin? Framtida kan gje oss fornybar energi med mindre inngrep, til dømes ved vindmøller til havs.

Les også

Frode Bjerkestrand: Byfjellenes forsvarslinje

Reiselivsklynga på Vestlandet har sett seg som mål å gjere Vestlandet til verdsleiande på opplevingsbasert reiseliv. 250 meter høge vindmøller kan i og for seg vere spektakulære, men dei påverkar òg naturen for all framtid.

Denne veka møtte reiselivsklyngja, Den Norske Turistforening (DNT) og Bergen og Hordaland Turlag landets nye olje- og energiminister, Kjell-Børge Freiberg. Freiberg hadde ingen løfte å gje. Det er forståeleg, men statsråden bør definitivt smake meir på ideen om bokstavleg talt å setje pris på naturen. Ein slik modell kan bli norsk nybrotsarbeid som kan gje naturvernet betre kort på handa både heime og ute.

Å fastsetje ein pris på urørt natur kan verke som ein teknokratisk måte å drive naturvern på: I staden for eit prinsipielt ordskifte om kva dei som kjem etter oss skal arve, kan vi få kjekling om sjølve prislappen. Ideen er med andre ord ikkje perfekt, men likevel kan det vere grunn til å prøve han ut. Vi har kanskje ikkje råd til å la vere.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».