Eit lyspunkt i Korea

Gårsdagens erklæring om fred og atomnedrustning på Koreahalvøya er opplyftande.

Publisert:

FRAMSTEG: Smila sat laust då Nord-Koreas leiar Kim Jong-un og den sørkoreanske presidenten Moon Jae-in fredag avtalte å jobbe for fred og atomnedrustning på halvøya. Erklæringa er likevel berre ei byrjing. Det er no det blir komplisert, skriv BT på leiarplass. Foto: Scanpix

Kim Jong-un er ein overraskingas mann. Fram til OL i Sør-Korea i februar var Nord-Koreas diktator ein militærpolitisk hauk, som truga omverda med atomkrig. No har han blitt ei fredsdue. Vonleg er hamskiftet varig.

Det førebelse høgdepunktet i statsleiarens nye fredslinje kom i går, då han som første nordkoreanske leiar sette føtene på sørkoreansk jord. Der møtte han Sør-Koreas president, Moon Jae-in, tok han i handa og leia han ein snartur over grensa til Nord-Korea før dei møttest i eit nøytralt «fredshus» for samtalar.

Samtalen munna ut i ei erklæring der partane pliktar seg til full atomnedrusting på Koreahalvøya, og underteikning av ein fredsavtale.

Les også

BT-leiar i september: Løysinga er ikkje militær

Erklæringa er historisk, sjølv om det ikkje er første gong regimet i nord lovar fred. Grensa mellom Nord- og Sør-Korea er ei av dei siste leivningane etter den kalde krigen. Landet vart delt etter 2. verdskrig av supermaktene Sovjetunionen og USA, noko som utløyste full krig i 1950. Koreakrigen enda i ei våpenkvile i 1953, men nokon fredsavtale har aldri blitt signert.

Endringa i Nord-Koreas framferd er oppsiktsvekkjande. Gjennom heile fjoråret gjennomførte landet ei rekkje trugande testar av langtrekkande rakettar. I september gjennomførte dei òg ei prøvesprenging av det regimet sjølve hevdar var ei hydrogenbombe. Målet til regimet var å nå USAs vestkyst med rakettar med atomvåpen.

Nord-Korea har vore det største trugsmålet mot verdsfreden dei siste åra. Viss Kim Jong-un no skulle gå vidare og faktisk fjernar atomvåpena, ville det svært gledeleg.

Men sjølv om gårsdagens kunngjering gjev grunn til optimisme, er det for tidleg å sprette sjampanjen. Kunngjeringa inneheld ikkje noko konkret om nedbygginga av atomvåpenprogramma i Nord-Korea.

Sjølv om Kim Jong-un no står fram som samarbeidsvillig, bør ein difor vente med å dele ut fredsprisen. Kim vil neppe gje frå seg sitt einaste maktmiddel utan å få noko att. Kva det skal vere kan vi få svar på når han etter planen møter USAs president Donald Trump i mai eller juni.

USA vil neppe gå med på å trekkje seg ut av Sør-Korea, noko dei heller ikkje bør. Det ville gjort Kina, Nord-Koreas viktigaste støttespelar, endå meir dominerande i maktspelet i søraust-Asia. Det ville òg skapt stor uvisse i Sør-Korea, verdas 12. største økonomi.

Erklæringa frå grensa mellom Nord- og Sør-Korea er difor berre eit startskot til ein lengre prosess. Det er no det verkeleg blir komplisert.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».