Ein menneskevond sultan

Bruneis sultan Hassanal Bolkiah klatrar mot toppen av lista over verdas verste herskarar.

SHARIALOVER: Sultan Hassanal Bolkiah har teke Brunei eit stort steg tilbake mot steinalderen, skriv BT på leiarplass. Wong Maye-E / TT NYHETSBYRÅN

Brunei har teke eit stort steg tilbake mot steinalderen. Landets herskar, sultan Hassanal Bolkiah, har innført nye religiøse lover av den verkeleg strenge sorten: Homoseksuelle skal steinast i hel, tjuvar skal få handa avkappa og born kan straffast med piskeslag.

Sultanen seier han med lovene vil få eit sterkare islam, og har tydelegvis stor tru på at resten av verda setje pris på dei nye sharialovene i det oljerike kongedømet:

«Alle som kjem for å besøkje landet vårt kjem til å ha ei herleg oppleving, og dei kjem til å nyte det trygge og harmoniske miljøet.»

Les også

Massiv kritikk av Brunei

I ei verd som ikkje har nokon mangel på autoritære, undertrykkjande herskarar, har sultanen klart å gjere seg markert. Menneskerettsorganisasjonar fordømmer lovene. FNs menneskerettskommissær, Michelle Bachelet, kallar den nye lovgjevinga «drakonisk».

Og filmstjerna George Clooney og artisten Elton John har oppmoda til boikott av hotellkjeda Dorchester Collection, som er indirekte eigd av regjeringa i Brunei.

Brunei er dessverre ikkje åleine i med ein slik menneskefiendtleg versjon av islamsk lov. Både Saudi-Arabia og Iran har liknande straffer. Og i Bruneis nabolag har fleire provinsar i Indonesia og Malaysia innført ulike former for sharialover, der Aceh-provinsen er den mest ekstreme.

Ein mogeleg årsak til at sultanen innfører lovene, trass i store internasjonale protestar, er at økonomien i landet har blitt forverra. Sultanen ønskjer difor å bli populær ved å stå fram som sterk, og som ein forsvarar av tradisjonelle, reaksjonære verdiar.

Det plasserer han i selskap med svært mange andre autoritære leiarar verda over, frå Ungarns Viktor Orbán og Tyrkias Recep Tayyip Erdogan.

Utviklinga er skremmande, og faren for at den autoritær-tradisjonelle bølgja går vidare er stor. At USAs president Donald Trump spelar på dei same strengane er med på å gjere bølgja større.

Sultan Bolkiah og andre autoritære leiarar framstiller innstrammingane for eigne borgarar, som ein motstand mot vestleg imperialisme.

Men folk er folk. Å kunne leve i fridom, og utan frykt for steining og tortur, er ikkje noko særskilt ønskje for menneskje i vestlege land. Dei einaste som tener på undertrykkinga er autoritære herskarar som sultan Bolkiah, som brukar frykt til å sikre sin eigen rikdom og makt.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».