Det blir jul i år også, Frp

Per-Willy Amundsen prøver å importere amerikansk kulturkrig til Noreg. Det fungerer ganske dårleg.

Publisert:

GOD JUL: Per-Willy Amundsen (Frp) vil boikotte Ikea fordi dei har eit produkt som heiter VINTERFEST. Vidar Ruud, NTB Scanpix (arkiv)

«Som folk flest gleder jeg meg til å feire en tradisjonell norsk jul. Men det gjør ikke IKEA. De inviterer oss til å pynte til såkalt ’vinterfest’.»

Dette skriv Per-Willy Amundsen (Frp) på si Facebook-side. Den tidlegare justisministeren har nemleg fanga opp at Ikea har ein produktserie med namnet VINTERFEST.

Her kan du kjøpe telyslykter, serviettar og grautskåler til jul for ein rimeleg penge. Eller kva med eit plastjuletre? Alt saman inngår i Ikeas massive kampanje fram mot jul.

Men Amundsen har bestemt seg: På Ikea er det visst ikkje jul. Dei har ikkje forstått kva ansvar eit varehus faktisk har i ei kristen høgtid:

«Svensk politisk korrekthet kjenner ingen grenser, den bør snarest få offisiell status som parodi på seg selv. Ikke en krone fra oss blir brukt på IKEA før jul. Hva med deg, holder du ’vinterfest’ eller skal du feire jul i desember?»

Les også

Jens Kihl: Partia ville hatt godt av dårlegare råd

Problemet til Frp-toppen med 15.000 Facebook-følgjarar er at det ikkje stemmer. Alle som nokon gong har vore innom ein Ikea i november og desember, er smerteleg klar over at det er jul frå tak til golv i månadsvis. Allereie no kan ein lese om «Jul på Ikea» på nettsidene deira.

Halmstrået er altså at ein produktserie har fått namnet VINTERFEST i staden for JUL. Litt som at bokhyllene heiter IVAR og BILLY i staden for BOKHYLLE. Ikea har ikkje gått til krig mot oppbevaringsmøblar av den grunn.

Amundsen ser ut til å ha henta inspirasjonen frå den høgreradikale bloggen Resett, som sjølvsagt er inspirert av amerikansk kulturkrig. Der er «War on Christmas» ein velkjend debatt.

Hos den statsstøtta, høgreradikale nettsida Human Rights Service skriv Hege Storhaug: «Konsernet hjelper slik til med å utradere det som kan forbindes med vår kristne, vestlige kultur.» Det står dårleg til om namnet på ein produktserie utgjer ein trugsel mot kulturen vår.

Frp gjer det svakt på målingane, men det er tvilsamt om dei blir redda av overivrige stortingsrepresentantar som må finne opp konfliktar. Eller for å seie det på eit språk Per-Willy Amundsen forstår:

Det kan hende Amundsen burde byte inn sin karaffel STORSINT med den veggmonterte ventilatoren BALANSERAD.

Den er utstyrt med eit godt filter og sikrar dessutan god utlufting.

Publisert: