La digitaliseringsministeren leve

Fleire ministerpostar kan med fordel skrotast når Frp går ut av regjering. Men digitaliseringsministeren bør fredast.

Publisert Publisert

NYTTIG: Ein eigen digitaliseringsminister er eit fornuftig grep for å få nok kraft i effektiviseringa av offentleg sektor, skriv BT på leiarplass. Foto: GONZALO FUENTES / REUTERS

Offentleg sektor er heilt avhengig av å bli meir effektiv i åra framover, viss statsfinansane skal gå opp. Det vil bli vanskeleg viss ikkje den digitale infrastrukturen blir betre og meir samordna.

Fleire har tatt til orde for å fjerne digitaliseringsministeren, når regjeringa no venteleg vil kutte i det rekordstore talet på statsrådar. Mellom andre tok Aftenposten det standpunktet på leiarplass onsdag.

Talet på statsrådar bør utan tvil kuttast når Frp no forsvinn ut av regjeringa. Det vil uansett vere nok postar til å tilfredsstille dei tre partia som blir igjen i regjeringa. Landet treng korkje ein eigen samfunnsikkerheitsminister eller eldreminister. Det kan òg vere nok med ein kunnskapsminister.

Men det vil vere ein dårleg idé å fjerne digitaliseringsministeren, ein post Nikolai Astrup (H) har utøvd på god måte. Statsrådsposten vart oppretta for eit år sidan, for å få kraft i regjeringas digitaliseringsarbeid. Digitalisering er eit av regjeringas hovudgrep for å effektivisere offentleg sektor.

Det forklarar kvifor ministeren er plassert i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Fordi posten ikkje krev eit eige departement, får regjeringa òg sett fart i eit lenge forsømt felt utan at byråkratiet eser ut.

Les også

IKT er den nye oljen

Store statlege etatar som Nav, politiet og domstolane har i lang tid hatt store utfordringar med sine digitale løysingar. Det gjer tenestene mindre effektive og dårlegare enn dei bør vere. Det same gjeld delar av kommunal sektor.

Eit grunnleggande problem har vore at kompetansen har vore spreidd og at arbeidet med å digitalisere offentleg sektor har vore for lite samordna.

Nikolai Astrup har allereie vist handlekraft, ved å samle Difi, Altinn og delar av Brønnøysundregistra i eit nytt digitaliseringsdirektorat. Det vart formelt oppretta 1. januar, og er eit viktig steg på vegen for å bruke ressursane betre.

Den digitale satsinga er ikkje avhengig av ein eigen digitaliseringsminister. Til dømes kan rammevilkår for digital innovasjon meir generelt, leggast inn under Næringsdepartementet.

Men ved å la ein statsråd konsentrere seg om feltet, og sjå offentleg og privat nyskaping i samanheng, får ein meir kraft i satsinga. Eit høgkostland som Noreg er heilt avhengig av å lykkast på dette feltet. Difor bør digitaliseringsministeren fredast.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».