Asylretten må beskyttast

Noreg kan ikkje premiere avslåtte asylsøknader med arbeidsløyve.

Publisert: Publisert:

FENGSEL: Debatten har rast etter at politiet bad om vilkårslaust fengsel for tidlegare Oslo-biskop Gunnar Stålsett. «Asylreglane bør vere føreseielege, og ikkje endre seg kvar gong det går ei stemningsbølgje gjennom landet», skriv BT på leiarplass. Foto: Berit Roald, NTB scanpix (Arkiv)

I haust har debatten om såkalla ureturnerbare asylsøkjarar blussa opp igjen.

Først på grunn av rettssaka mot Arne Viste, som vart dømd til eitt års fengsel på vilkår for å ha tilsett asylsøkjarar utan lovleg opphald i Noreg. I den aktuelle saka var berre éin av 29 ureturnerbare, ifølgje politiet.

Så bad påtalemakta om ubetinga fengsel for tidlegare Oslo-biskop Gunnar Stålsett. I august fortalde han til Vårt Land korleis han hadde brote utlendingslova ved å tilsette ein ureturnerbar asylsøkjar.

Norsk lov kan ikkje setjast til side fordi to personar bryt lova med viten og vilje. Reglane bør vere føreseielege, og ikkje endre seg kvar gong det går ei stemningsbølgje gjennom landet.

Dei fleste ureturnerbare asylsøkjarar kan reise tilbake til heimlandet. «Ureturnerbar» betyr at staten ikkje kan sende dei ut av landet med tvang.

Les også

Norske velgere har talt: Klima er viktigst

Asyl skal givast til dei som har eit reelt beskyttelsesbehov. Når avslaget på asyl er endeleg, pliktar personen å reise ut av landet.

Skjer ikkje det, vil det normalt bli sett i verk ein tvangsretur. Dette er svært krevjande, men er nødvendig for å sikre retten til asyl for dei som treng vern.

Det finst mange grunnar til at nokon ikkje kan bli sendt tilbake med tvang. Éin grunn kan vere at personen nektar å avklare sin eigen identitet. Heimlandet nektar i nokre tilfelle å ta imot eigne borgarar når det skjer med tvang.

Situasjonen til dei såkalla ureturnerbare er utvilsamt vanskeleg. Men dei er ikkje låst fast i Noreg. Då bør dei heller ikkje kvalifisere til verken arbeids- eller opphaldsløyve.

Det er betre å sørgje for ei eingongsløysing for eldre asylsøkjarar med butid på meir enn 16 år i Noreg, slik regjeringa lova i Granavollplattforma.

Asylretten må vernast både frå folk som vil stramme den ytterlegare inn, men òg mot dei kreftene som vil utvide den. For å kunne gi asyl til folk med eit reelt beskyttelsesbehov, må asylretten handhevast strengt.

Det er ganske få som søkjer asyl i Noreg no. Det var berre levert inn 1918 søknader om asyl innan utgangen av oktober i år. Berre i oktober 2015, kom det meir enn 8000 søknader.

Dei låge talet er eit resultat av ein svært streng grensepolitikk i Europa.

Noreg bør difor ta imot fleire kvoteflyktningar. Det vil føre til færre forsøk på å uthole asylretten i framtida.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».